Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Besøk på Vinstra

 (13.11.2010)

Det er stadig ny aktivitet i barnehagekampanjen. Måndag er det Nord-Fron Mållag som får besøk av dagleg leiar i Noregs Mållag.
- Dette blir stas, seier Gro Morken Endresen, som skal på sine aller fyrste kampanjebesøk på Vinstra.

Måndag kveld er det inspirasjonskveld om nynorsk barnelitteratur. Då held Gro Morken Endresen innleiing om mellom anna nynorsk barnelitteratur (illustert med framsideomslaget til boka Tonje Glimmerdal). Ho seier sjølv at ho gler seg til både kveldsmøte og barnehagebesøk, og at det er eit spennande emne som er hovudemne for kampanjen.

Tysdag 16. november er det avtalt to besøk i to barnehagar på Vinstra. Dette er ein del av barnehagekampanjen Gjennom ord blir verda stor. Det har vore tre tette kampanjeveker med besøk i mange barnehagar og lokallag. Ut etter vinteren vil ikkje programmet vere så tett som det har vore desse kampanjevekene, men det er venta at mange lokallag vil ta del i kampanjen utetter vinteren.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no