Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny kveik

 (22.11.2010)

Det skal vere ope møte i Flora Mållag for å få fart på målarbeidet. Helga Hjetland skal gjere sitt.

Flora har det på mange måtar vore framgang for nynorsken siste åra, og Flora Mållag har over 60 medlemer. Lokallaget har likevel ikkje vore så aktivt, og no blir det eit ope møte for å kanskje få gjort noko med det. Vi vil drøfte framtida for Flora Mållag og sjå på korleis mållaget kan bli meir aktivt. Kanskje er tida inn for å få til eit vitalt mållag i Flora?

Møtet blir onsdag 24. november klokka 19 i Flora samfunnshus. Helga Hjetland, styremedlem i Noregs Mållag og tidlegare leiar i Utdanningsforbundet, vil halde innleiing. Ho vil seie noko om dei viktige utfordringane til nynorsken, og i tillegg vil ho presentere den nye kampanjen til Noregs Mållag. Gjennom ord blir verda stor – kampanje for nynorsk i barnehagen er ein nasjonal kampanje som tek opp kor viktig det er at borna møter nynorsk og dialektar i barnehagen. I tillegg kjem Hege Lothe som er informasjonskonsulent i Noregs Mållag og folk frå Sogn og Fjordane Mållag.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no