Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha lovfesta kyrkje-nynorsk

 (24.11.2010)

Noregs Mållag og ei aksjonsgruppe tek no til ordet for meir nynorsk i kyrkja og trusopplæringa. Ei løysing er å lovfeste retten til opplærings på nynorsk.

– Vi trur ikkje det let seg gjere utan at språkleg jamstelling får heimel i lov og regelverk for Den norske kyrkja. Nynorsken sin plass i skulen er sikra gjennom lovverket. Når kyrkja har overteke skulen sine oppgåver innanfor trusopplæring, er det naturleg at også kyrkja må forplikte seg til å gje ut bøker og materiell på begge målformer – til same tid og til same pris. No er det tid, medan staten enno har noko han skulle sagt i kyrkja, seier Wenche Haugen Havrevoll, lærar, mor til fire og medlem av Stavanger bispedømeråd til Vårt Land.

Ho og tolv andre møttest på Voss i oktober for å legge ein slagplan i kampen for det nynorske kyrkjespråket. Ei fråsegn blir i desse dagar sendt ut til alle sokneråd i dei fire nynorskbispedøma Møre, Bjørgvin, Stavanger og Agder og Telemark og til nynorsksokna i dei bokmålsdominerte bispedøma Tunsberg og Hamar.

Eit av tre sokn i Den norske kyrkja har liturgi på nynorsk. Men aksjonsgruppa bak fråsegna «Språkleg rettferd i trusopplæringa» meiner bokmålet blir favorisert.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no