Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Redaktørar reagerer på NMU-aksjon

 (30.11.2010)

NMU har laga eigne nettsider for nynorske utgåver av VG Nett og Dagbladet.no. Det tykkjer redaktørane ikkje er heilt uproblematisk.

Med hjelp av programmet Apertium har Norsk Målungdom laga nynorske utgåver av to av dei største nettavisene i landet. Nynorskvg.no og nynorskdb.no er nøyaktige kopiar av orginalsidene, inkluderte bilete og lysingar, med unnatak av språkdrakt. Det får redaktørane i dei to avisene til å reagere.

– Det er ganske grovt, og eg reagerer kraftig på dette. Det er ein heilt illegal misbruk av innhaldet og logoen vår, seier Lars Helle, ansvarleg redaktør Dagbladet til Framtida.no.

– Dette er eit klart brot på opphavsretten. Det er først og fremst stofftjuveri, seier ansvarleg redaktør Espen Egil Hansen i VG Multimedia til Nrk.no.

Viktig sak
Leiar i Norsk Målungdom, Janne-Kristin Nygård Svarstad, tek reaksjonane på alvor. Ho understrekar kor viktig de er å setje søkjeljos på problemstillinga.

- Vi krev ikkje at avisene må skrive så og så mange prosent nynorsk, vi ber dei berre oppheve det gamaldagse og sneversynte forbodet mot nynorsk.

- Føremålet desse maskinomsette sidene våre er ikkje at folk skal kunna læra nynorsk av dei slik verkeleg bruk av nynorsk i riksavisene vil, men for å vise at vi ikkje er nøgd med forbodet, seier Nygård Svarstad.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no