Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ei unik songbok for barn

 (03.12.2010)

Jordmor Marianne Klokset Aspås og Gjemnes Mållag har laga ei unik songbok for både barnet i mors liv, babyar og litt større barn. Boka heiter Smålåten. Syng og sull for barnet.

Marianne Klokset Aspås har i løpet av dei åra ho har arbeidd som jordmor i Nesset sakna eit songhefte ho kunne dele ut til vordande foreldre.
- Ikkje alle er klar over at foster heilt ned i 16 veker kan registrere lydar, og at nyfødde barn kjenner att stemmer dei har høyrt gjennom svangerskapet. Det er viktig at foreldre syng og trallar saman med barnet allereie før det er fødd. Slik blir det knytta band mellom mor, far og barn før barnet er fødd, seier Marianne Klokset Aspås.

Barna treng stemmer, song og rytmar også før dei er fødde, meiner jordmor Marianne Klokset Aspås. Saman med mellom anna Gjemnes Mållag har ho laga songheftet "Smålåten. Syng og sull for barnet".
– Det er i samspelet mellom to at kultur blir til. Grunnlaget for musikk blir forma i det ufødde barnet, for allereie som foster vert vi påverka av lydar og rytmar. Musikk er ikkje berre det vi høyrer, men også det vi sansar, skriv Marianne Klokset Aspås i føreordet.

Heftet inneheld eit utval av barnesongar, folkeviser og lokale regler frå Nordmøre og Romsdal.

Stemma den beste leiken
– Mange torer ikkje synge! Dei må hugse at for babyen er det heilt topp med mors og fars stemme, uansett om det er litt ureint eller surt. Det viktige er å bruke seg sjølv. Når barnet er fødd, er også stemma den beste leiken babyen kan få, betre enn både duppedittar og musikk, seier Marianne Klokset Aspås.

Faggruppa som har utarbeidd heftet har lagt vekt på at det skal innehalde ei samling kjende barnesongar og regler som dei fleste kan frå før. Her finn ein både Vesle Petter Edderkopp og Klappe, klappe søte. Tanken er at ein skal kunne finne både songar og regler ein kjenner att, og som er barnet i tidleg alder kan ta del i.
Resultatet har blitt eit flott utval aktivitetssongar, bånsullar og regler som passar for dei minste barna.

Boka er trykt som eit robust hefte som skal kunne tole at både småbarn og babyar kikar i ho. Bergljot Hals har illustrert boka med flotte blyantteikningar. Her kan ein gå på leiting etter både hesten i Fola, Fola Blakken og den vesle edderkoppen i Vesle Petter Edderkopp medan den vaksne syng. Slik kan boka brukast i ei triveleg musikkstund mellom barnet og den vaksne, både under svangerskapet og etter barnet er fødd.

Heftet er gitt ut i samarbeid med og med støtte frå private, fleire helselag og lokale mållag, og kulturetaten i Nesset kommune.

Du kan kjøpe songheftet hjå Noregs Mållag. Det kostar 70 kroner + porto. Sjå innom Krambua.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no