Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil sikre nynorsk trusopplæring

 (16.12.2010)

- For meg er det viktig at me tryggjer nynorsken innan skulen, seier påtroppande leiar i KrF, Knut Arild Hareide. Og peikar på at er viktig at ein no sikrar meir nynorsk i trusopplæringa i den norske kyrkja.

Valnemnda i KrF har samrøystes gått inn for at Knut Arild Hareide vert ny leiar i KrF. Han vil overta etter Dagfinn Høybråten, etter landsmøtet våren 2011. I eit intervju med LNK-nytt gjer han det klart at nynorsken er ein viktig del av det politiske prosjektet til KrF.

- I ei tid der framandspråk kjem tidleg i skulen, blir nynorsken lett ein tapar. Me må få fram at for mange er nettopp det å lære nynorsk viktig for å kunne ha eit språk som er nærast den dialekten ein talar, seier seier Knut Arild Hareide, til LNK-nytt og legg til at det er viktig at ein no sikrar meir nynorsk i trusopplæringa i den norske kyrkja.,

Sjølv er han glad i nynorsk. Og privat nyttar han språket fast, medan det på jobb går i både bokmål og nynorsk. Han sit til og med i styret i Løvebakken Mållag og slår eit slag for at nasjonalforsamlinga har ein interesseorganisasjon som kan ta opp viktige målsaker og fremje nynorsken.

Kva kan du som politikar gjere for å styrkje nynorsken?
- For meg er det viktig at me tryggjer nynorsken innan skulen. Eg tenkjer då på å ha eit obligatorisk sidemål. Men eg trur nynorsken vil stå seg godt i åra framover. Det å lære seg begge språka gjer ein tryggare og betre innan begge målformene, seier Knut Arild Hareide.



Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no