Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sigrid Moldestad til festspela

 (04.01.2011)

Sigrid Moldestad kjem til Dei nynorske festspela og utescena i Ivar Aasen-tunet fredag 24. juni.

Moldestad er ein av dei mest etterspurde folkemusikarane i Noreg i dag, og den mest prislønte i året som har gått. Til sommaren står ho for eitt av fleire musikalske høgdepunkt på Dei nynorske festspela 2011.

Den er vakker, vill og var, musikken som stadig siv ut av Sigrid Moldestad sitt musikalske univers. Felespelaren, songaren og historieforteljaren Moldestad lagar musikk som leikande lett svingar innom både blues, country, bluegrass og pop, men som likevel alltid har folkemusikk som den sterkaste komponenten.


CD-en Sandkorn frå 2010 inneheld ein parade av kjærleiksviser der både det gode og det vonde i livet får plass.
– Songane handlar om kjærleik. Den kjærleiken du har opplevd, den du ønskjer å oppleve og sjølvsagt den du aldri fekk oppleve, seier Sigrid Moldestad. På Sandkorn blandar ho eigne songar med nynorske gjendiktingar av den skotske nasjonalpoeten Robert Burns (1759-1796), samt tekstar av sunnfjordpoeten Jakob Sande (1906-1967).

Til Festspela har ho med seg sitt faste band med Sigbjørn Apeland på harmonium, Jørgen Sandvik på gitar, banjo og mandolin, Anders Hall på feler, Anders Bitustøyl på kontrabass.

Publikum kan vente seg ein konsert som svingar rått og røft i det eine sekundet for så å tone ned til det heilt låge og vare i det neste. Sigrid har ei særeigen røst og eit kraftfullt bogedrag. Saman med musikarane omkring henne formidlar ho musikken og kjærleikshistoriene på ein måte som sit igjen i deg. Lenge.

Sigrid Moldestad har blitt tildelt mange prisar i året som har gått. Ho blei kåra til Årets folkemusikar for 2010, ho vann Folkelarmprisen 2010 for plata Sandkorn og fekk også målprisen frå Gloppen Mållag. På tampen av året blei ho tildelt fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane og Lutt-prisen frå NRK Sogn og Fjordane. Moldestad har òg vunne Spellemannsprisen i kategorien folkemusikk fleire gonger, seinast i 2007 for albumet Taus basert på musikken til kvinnelege felespelarar frå Nordfjord og Sunnmøre.

60 festspelpass
Arrangøren for Dei nynorske festspela legg i desse dagar ut eit avgrensa tal med festspelpass for sal.
– I løpet av fire opplevingsrike dagar blir det meir enn 40 arrangement. Med festspelpasset i handa kjem du fritt inn på både konsertar, forfattarsamtalar, debattar, foredrag og mange andre spennande programpostar, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Festspeldiktar Bjørn Sortland
Frå før er det kjent at forfattaren Bjørn Sortland frå Bømlo i Sunnhordland blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2011. Han er den attande forfattaren som får denne æra. Sortland har gitt ut om lag 40 bøker, dei fleste for barn og unge, men han skriv også bøker for vaksne.

Dei nynorske festspela 2011 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. til søndag 26. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no