Nedanfor finn de eit brev arbeidsutvalet i Noregs Mållag har sendt sentralkontora til stortingspartia, Kystpartiet og Raudt. Vi har oppmoda dei om å sende brevet vidare til deira lokalparti, og oppmodar lokallaga våre om å fylgje opp partia lokalt.
I brevet finn de nokre sentrale punkt Noregs Mållag oppmodar lokalparti – særleg i nynorskområde – til å ta med i programma sine. I tillegg er det sjølvsagt flott om de kontaktar partia lokalt dersom de har andre saker de meiner partia bør ta med i programma sine. Slik sikrar vi at flest mogleg parti hugsar på målsaka dei neste fire åra, og at veljarane veit kva parti dei bør røyste på dersom dei er opptekne av stoda for nynorsken.
Dersom de har spørsmål eller innspel, er det berre å ta kontakt!
***
Innspel til partia:Noregs MållagNoregs Mållag organiserer over 10.000 medlemmer i 200 lokallag og arbeider for nynorsk og dialektane på alle samfunnsområde. I tillegg er vi opptekne av vilkåra for samisk og andre nasjonale minoritetsspråk, nyare minoritetsspråk og språk- og kulturmangfaldet i stort. Noregs Mållag ynskjer å kome med innspel til kommunal- og fylkesprogramma som no er under skriving. Det viktigaste arbeidet for nynorsken blir gjort lokalt, og det er difor viktig at lokalparti forpliktar seg gjennom valprogrammet til å fylgje opp dette. Desse innspela er mest retta mot nynorskkommunar, men vonleg kan dei vere til inspirasjon òg for kommunar flest. Vi oppmodar òg lokalpartiet om å skrive heile eller delar av programmet på nynorsk.
BarnehaganeAlle barnehagar i kommunen skal ha eit rikt tilfang av nynorsklitteratur og anna nynorskmateriell, og dei tilsette skal få opplæring i korleis dei kan gje ungane ei fleirspråkleg barnehagetid.
SkuleAlle nynorskelevar skal få rettane sine oppfylte når det gjeld nynorske læremiddel. Skulen skal aktivt ta i bruk nynorskstimulerande tiltak i undervisninga, som bruk av nynorske nettsider, nynorsklitteratur og liknande. Kommunen skal ikkje kjøpe inn læremiddel som berre ligg føre på bokmål.
IntegreringAlle vaksne innvandrarar til kommunen skal få norskopplæring på nynorsk, og dei pedagogisk tilsette skal få kursing i korleis dei kan lære bort nynorsk og lokal dialekt til innvandrarar.
KommuneadministrasjonenDei kommunalt tilsette skal få kurs i god nynorsk språkføring for å betre kommunikasjonen med innbyggjarane i kommunen.
Dersom partiet ynskjer meir informasjon om tiltaket eller har andre spørsmål, er de hjartleg velkomne til å kontakte Noregs Mållag sentralt: 23 00 29 30/nm@nm.no. Under
lagsoversyn her på heimesida finn de kontaktinformasjon til mållaget i dykkar kommune.
Lukke til med programskrivinga!
Beste helsing
Noregs Mållag