Noregs Mållag lyser ut to stipend à kr 50 000. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Prispengane er ei løyving frå Kultur- og kyrkjedepartementet.
FøremålFøremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Stipendnemda ser særleg positivt på søknader som har som formål å få nynorsken i bruk på område der han frå før har lite rom.
Kriterium for tildelingEi kvinne og ein mann skal tildelast eit stipend à kr 50 000. Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser.
Krav til søknad/prosjektbeskriving
- problemstilling og mål
- arbeidsform/metode
- tidsplan
- budsjett
- vedlegg: CV og ev. referansar til tidlegare arbeid
Krav til sluttrapporteringDet skal leverast ein skriftleg sluttrapport (papir og elektronisk) innan fristen. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærmare avtale.
Frist for innlevering av søknad med prosjektbeskriving er
8. februar 2011. Send søknad og eventuell dokumentasjon til
Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 Oslo
eller på e-post til dagleg leiar
Gro Morken Endresen.
Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Styret tek sikte på å kunngjera kven som har fått tildelt stipend, i løpet av mars 2011. Frist for innlevering av ferdig prosjekt er sett til 1. oktober 2011.
Styremedlemmer og tilsette i Noregs Mållag kan ikkje søkja stipendet.
For meir informasjon
Ta kontakt med
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag eller på telefon 917 73 157 (m).
Sjå oversyn over
tidlegare stipendmottakarar.