Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tid for årsmøte

 (13.01.2011)

Årsmøtet er det høgste organet i lokallaget. Her oppsummerer og vurderer laget året som har gått. I tillegg vedtek ein dei viktigaste prioriteringane for arbeidet i det nye året.

Innleiar frå Noregs Mållag sentralt
I tillegg til vanlege årsmøtesaker er det kjekt å ha ei spennande innleiing og ordskifte. Lokallaga står fritt til å invitere tillitsvalde og tilsette frå sentralt til å kome på årsmøtet. De kan sjølvsagt kome med eige ynske om kva emne de vil ha innleiing om. Dessutan har Noregs Mållag eit knippe aktuelle saker som alle innleiarane uansett vil snakke om.

Veit du nokon du spesielt vil invitere, send e-post direkte til dei. Eller send ynsket dykkar på e-post til Hege.Lothe@nm.no

Vi kan ikkje garantere at alle får besøk, men vi vil strekkje oss langt for å få det til. Noregs Mållag sentralt betaler reise og opphald i samband med årsmøtevitjingar.

Informasjon til kalenderen
Vi oppdaterer kalenderen til Noregs Mållag så ofte som vi kan. Har du eit årsmøte eller andre tilskipingar du vil få med i kalenderen? Send melding til Hege.Lothe@nm.no

Årsmelding
Alle lag må fyllle ut årsmelding og sende den til sentralt. Det er laga to årsmeldingsskjema, eitt for lokallag og eitt for fylkesmållag. Desse finn du til nedlasting på denne sida. Årsmeldinga er også sendt ut i lagssendinga rett før jul.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no