Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Heskestad vert utnemnt til Riddar

 (14.01.2011)

Audun Heskestad vert utnemnt til Riddar 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sin innsats for nynorsk skriftkultur.

Tidlegare forlagssjef i Samlaget Audun Heskestad er utnemnt til Riddar 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sin innsats for nynorsk skriftkultur. Dekorasjonen blir overrekt 2. februar.

Audun Heskestad kjem frå Heskestad i Dalane. Han blei medlem av Det Norske Samlaget for 50 år sidan, då han tok til som tingar av Syn og Segn. I studietida hadde han nokre strøjobbar på lageret til forlaget, før han i 1971 tok til som økonomisjef. Frå 1980 til 2004 arbeidde han som forlagssjef i Samlaget, og blei med det ein av dei mest sentrale aktørane i målrørsla. Etter dette arbeidde Audun Heskestad som spesialrådgjevar i forlaget, før han vart pensjonist i november 2009.

Audun Heskestad har mellom anna vore viktig i kampen for nynorske læremiddel og nynorsk litteratur og språk elles. Audun Heskestad vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag på jubileumslandsmøtet i 2006.

Under utdelinga vart det mellom anna sagt dette: Det er ikkje for stort sagt at utan Heskestad ville rammene for nynorsk litteratur hatt mykje trongare kår i Noreg. Det er heller ikkje for sterkt å seia at utan Heskestad ville lovverket om lærebøker og statlege plikter for å finansiera desse, hatt mykje skrinnare kår. Noregs Mållag har mange gonger nytta kunnskapen, kontaktnettet og den politiske nasen til Audun Heskestad når me skal i tingingar med styresmaktene.

Utan ein levande nynorsk litteratur, vil ikkje folket i Noreg få tilgjenge til nynorsk. Utan rekruttering av nye unge nynorske forfattarar, vil nynorsk som litteraturspråk sovna inn. Den fremste garantisten for gode vokstervilkår for gamle og unge nynorskforfattarar har i over tre tiår vore Audun Heskestad.

Dekorasjonen blir overrekt 2. februar og Noregs Mållag ynskjer til lukke!




Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no