Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Open høyring om nynorskrettskrivinga

 (01.02.2011)

Rettskrivingsnemnda for nynorsk, med nemndsleiar Grete Riise i spissen, sender i dag innstillinga til revidert nynorskrettskriving på høyring. Det er open høyring fram til 25. februar.

Høyringsbrev vert sendt til aktuelle høyringsinstansar. Det er elles høve for kven som helst til å sende høyringssvar. Svara bør helst sendast som vedlegg til e-post. Det er òg høve til å grunngje standpunkt munnleg på høyringsmøtet 21. februar.

Etter at høyringa er over, skal rettskrivingsnemnda lage endeleg innstilling til 1. april på grunnlag av høyringsframlegget og innkomne høyringssvar. Styret i Språkrådet gjer sitt vedtak 20. mai og sender det over til Kulturdepartementet for endeleg vedtak.

Innstillinga frå rettskrivingsnemnda ligg her: http://www.sprakradet.no/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm/Hoyring/.

Nemnda vart sett ned av Språkrådet i 2010 for å lage ei ny rettskriving for nynorsk. Les meir om arbeidet til nemnda her: http://www.sprakradet.no/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm.

Kontaktperson: nemndleiar Grete Riise, tlf. 416 61 790

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no