Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jaktstart med felebyte - Vestlandet sett frå (V)oss

 (02.02.2011)

Ei forestilling av og med Linda Eide og Sigrid Moldestad. Dei tek publikum med på ei musikalsk og verbal reise inn i vestlendingens ytre og indre sjeleliv, med framifrå gjesteartistar frå både kjerneområdet og dalstroka utanfor.

VM på ski susar av garde i Kollen. Og folkemusikken kling med i kappestriden på dei mest finurlege måtar, i alle fall når Moldestad og Eide fabulerer omkring temaet – i ord, tonar og audiovisuelle framstillingar. Forestillinga er ei nyfrisert VM-versjon av suksessen frå Landskappleiken 2010 på Voss, der Linda Eide og Sigrid Moldestad og co fyllte Voss idrettshall ein kveld i juni.

Sigrid Moldestad: Spelekvinna frå Nordfjord som vart kåra til årets folkemusikar i 2010. Stod bak den kritikarroste forestellinga Taus der plateversjonen fekk Spelemannprisen. Har vore på vegen med bandet sitt og plata ”Sandkorn” som vart lansert våren 2010. Har fått målpris av Gloppen Mållag.

Linda Eide: Vossing og faktaformidlar med humor som hovudinstrument. Stadig på reise i hyggeleg norsk galskap som guide i tv-serien Norsk attraksjon på NRK 1. Har fått målpris av Hordaland Mållag.

Nettside:
http://solidmusikk.wordpress.com/artistar/jaktstart-med-felebyte/
http://www.riksscenen.no/maanedens-artist-sigrid-moldestad-jaktstart-med-felebytte-m-linda-eide.4876284-95415.html

Få med deg førestillinga på desse stadane:
25. februar kl. 20:00 Trivselshagen, Sandane
26. februar kl 18:00, Kviknes hotell, Balestrand
27. februar kl 18:00, Flora Samfunnshus , Florø
4. mars kl 20:00, Riksscenen for folkemusikk, Oslo
6. mars kl 18:00, Voss kulturhus, Voss

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no