Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Lie går av som forlagsdirektør

 (03.02.2011)

(Foto: Samlaget)


Tove Lie går av som forlagsdirektør i Det Norske Samlaget.

Tove Lie, forlagsdirektør i Det Norske Samlaget sidan 2008, seier opp stillinga si og sluttar i dag. Forlagssjef for Samlaget Utdanning, Tom Skovdahl, vert konstituert i stillinga frå og med i dag.

-Ei totalvurdering av situasjonen i forlaget gjer at eg vel å slutte no. Eg har leda Samlaget gjennom ei rekkje nødvendige endringar, og slikt skapar uro. Eg ønskjer Samlaget alt godt med alle utfordringane dei har, både når det gjeld marknaden på papir og digitalt, bransjesituasjonen, konkurransen om dei gode forfattarane og den viktige jobben med å spreie nynorsk litteratur. Eg vonar at det no vil bli ro og entusiasme i og rundt forlaget, seier Tove Lie.

Styreleiar i Det Norske Samlaget, Kristin Bjella, seier at Tove Lie har gjort eit stort og nødvendig arbeid med omstilling av forlaget, som ein skal byggje på i det vidare arbeidet.

-Tove Lie har vore ein sterk pådrivar for viktige vedtak om satsing framover. Når det gjeld valet ho har gjort, er ho som forlagsdirektør den næraste til å vurdere og ta stilling til kva som må til for å sikre ro i forlaget. Styret har respekt for dette valet. Vi takkar Tove Lie for jobben ho har gjort for Samlaget, seier Kristin Bjella.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no