Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny start i Flora Mållag

 (07.02.2011)

Det ny-opplivna Flora Mållag inviterer til årsmøte fyrstkomande onsdag 9. februar.
– Eg vonar det kjem mange til årsmøtet. Det er både kjekt og viktig å gjere ein innsats for nynorsken i Flora, seier avtroppande leiar Kolbjørn Takle.

I november var det ope møte der Helga Hjetland, tidlegare leiar i Utdanningsforbundet og styremedlem i Noregs Mållag, held føredrag. Møtet var veldig godt besøkt og det var god stemning for å få opp att aktiviteten i mållaget.

Helga Hjetland på barnehagebesøk.
På møtet var det interesse for å ta i eit tak i den nasjonale barnehagekampanjen; Gjennom ord blir verda stor. Den kampanjen peikar på kor viktig det er at borna møter nynorsk og dialektar i barnehagen. Som ein start på dette arbeidet var Helga Hjetland og Flora Mållag på besøk i Havrenes barnehage og i barnehagen på Torvmyrane skule for to veker sidan. Då var det samlingsstund med borna med opplesing og synging. Det vart godt motteke. Både dei tilsette og borna tykte det var kjekt med besøk.

Kolbjørn Takle fortel at det vert vanlege årsmøtesaker på møtet, i tillegg vil informasjonskonsulent i Noregs Mållag, Hege Lothe, vil vere med. Dessutan vert det naturlegvis enkel, men god servering. Har du idear eller framlegg du vil lufte, ta gjerne kontakt med leiar Kolbjørn Taklo på telefon 91 39 65 60 eller Hege Lothe, på telefon 925 48 348, hege.lothe@nm.no

Møtet er i Flora samfunnshus onsdag 9. februar klokka 19.

Vel møtt!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no