Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Lundemo til Hauge-senteret

 (08.02.2011)

Mari Olafson Lundemo (27) frå Follebu er tilsett som dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Ho tek til i stillinga i midten av mars.

- Eg ønskjer å skape eit verdig minnesmerke over Olav H. Hauge og diktinga hans og gjere Olav H. Hauge-senteret til eit levande senter for norsk og utanlandsk lyrikk, seier Lundemo. - Som historikar er eg oppteken av bevaring og formidling av historie.

Sju personar søkte på stillinga. - Søkjarlista var sterk og vurderingane vanskelege. Lundemo har både dei faglege føresetnadene og dei personlege eigenskapane som skal til. Vi gler oss stort over at ho har takka ja, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

I åra 2003-2010 har Mari Olafson Lundemo arbeidd som omvisar på Aulestad, heimen til Bjørnstjerne Bjørnson som no er ein del av Lillehammer Museum. Ho har i fleire år også arbeidd ved eit prosjekt knytt til Hanaholmen Kulturcentrum i Helsinki. Lundemo har mastergrad i historie frå Universitetet i Helsinki og har kunsthistorie i fagkrinsen. No tek ho deltidsstudium i både pedagogikk og personalutvikling og leiing ved Høgskolen i Lillehammer. Morsslekta til den daglege leiaren ved Olav H. Hauge-senteret er frå Ulvik, og ho flyttar dit i mars.

Olav H. Hauge-senteret
• Dokumentasjonssenter for Olav H. Hauge (1908-1994) og lyrikk i alle former
• Disponerer delar av det gamle heradshuset i Ulvik sentrum som no er nyoppussa
• Forprosjekt i 2010 av Guro Ljone for Olav H. Hauge-stiftinga
• Får etter planen fire faste arbeidsplassar
• Eigd og drive av Nynorsk kultursentrum, som også driv Ivar Aasen-tunet

Pressemelding Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no