Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Styrk etterutdanninga for norsklærarane – og for Frp og Høgre

 (08.02.2011)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 08.02.2011:

– Tida er overmoden for vaksenopplæring av Høgre og Frp, seier Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag. Han meiner standpunkta til desse partia i norskfagsdebatten syner ein uvilje mot å ta skulen og lærarane på alvor.

Språkrådet har fått gjennomført ei undersøking som syner at mange lærarar i ungdomsskular meiner at dei ikkje har svært god kompetanse i
hovudemna innanfor norskfaget. Dessutan syner undersøkinga at om lag halvparten av lærarane vil kvitte seg med ordninga der nynorsk og
bokmål har same status i norskfaget.

– Høgre og FrP sitt svar til dette er at lærarane og elevane lyt få sleppe nynorsken. Noregs Mållag meiner at det viktigaste kunnskapsminister Kristin Halvorsen kan gjere no, er å ta konkrete grep for å styrkje norsklærarane. Eit viktig grep er å tilby lærarane etter- og vidareutdanningsløft i norskfaget, seier Jens Kihl.

– Når lærarane i ei slik undersøking seier at dei ikkje har svært god kompetanse i å undervise i faget, bør vi ta dette på alvor. Vi må gje dei den utdanninga som trengst i staden for å kutte ut heile faget, påpeikar Jens Kihl.

Noregs Mållag og Jens Kihl peikar på tre grep som Kristin Halvorsen bør ta tak i:
- Sikre etter- og vidareutdanning i norskfaget med vekt på undervisningsopplegg på nynorsk for alle norsklærarar i ungdomskule og vidaregåande skule.
- Stimulere skulane til å byrje med nynorskundervisning på barnesteget.
- Gje alle lærarar eit minimum av studiepoeng i norsk, der dei får særleg opplæring i nynorsk og nynorsk didaktikk.

– Med dagens svake tilbod til lærarstanden er det ikkje rart mange lærarar synest det er vanskeleg å gje god undervisning i sidemål, avsluttar Jens Kihl.


For meir informasjon:
Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag, 992 31 490 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348 (m)

Bilete til nedlasting ligg her

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no