Mange trudde kanskje Kviteseid-ordførar Torstein Tveito var der for å dele ut prisen. Neida, han var der for å ta i mot han!  |
| FANFARE: Ordførar Torstein Tveito tek i mot Gunnar Torvunds vakre mini-skulptur til trompetstøt frå Marte Rue (tv) og Marit Jølle frå Kviteseid Hornmusikk. (Foto: Tore Skaug) |
På den årlege kulturkvelden under Kviteseidmarken i februar gjekk Kviteseids målpris for 2011 til bygdas eigen ordførar Torstein Tveito. ”Årets prisvinnar er trygg på eige mål og dialekt.
Han brukar dette i alle samanhengar og er såleis ein svært god ambassadør for mangfaldet i talemålet vårt. Han held på dialekten og den munnlege forma også når me høyrer han i radioen eller han leier møte med ordførarklubba”, heiter det mellom anna i grunngjevinga.
– Eg blir mållaus – dette har eg ikkje fortent, sjølv om eg etter fattig evne prøver å halde meg til bygdemålet og nynorsken både når eg skriv og snakkar, sa ordførar Tveito da han tok i mot ”måltrosten” som bilethoggaren Gunnar Torvund har utforma. Med prisen følgde diplom og ein tostemt fanfare.