Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Test ny nynorsk rettskriving med Ordrik!

 (18.02.2011)

I samband med høyringsframlegget for ny nynorsk rettskriving har Nynodata laga ein spesialversjon av ordlista Ordrik. Her kan du sjølv sjå kva ord som blir rett eller gale med det nye framlegget. Les meir hjå Nynodata.

Her kan du sjå i detalj endringar for orda som er registrert i Norsk ordbank (tilsvarar Nynorskordboka med nokre tillegg). Ordlista byggjer på høyringsforslaget frå 1. februar 2011. Du finn informasjon om forslaget til ny rettskriving hos Språkrådet.

Nynodata har også laga statistikk over ord og former som går ut av rettskrivinga og ord som endrar status frå sideform til hovudform. Offentleg sektor og lærebøker kan no bruke mange nye ord og tilpasse språket til ulike formål. Samstundes blir ein del bokmålsnære ord borte. I statistikken får du sjå at svært mange ord blir påverka av den nye rettskrivinga. Nær 10 % av alle oppslagsorda i Nynorskordboka går anten ut av rettskrivinga eller får endra normering.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no