Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt band av Norsk Ordbok i tide til ski-VM!

 (25.02.2011)

Visste du at Norsk Ordbok har registrert 25 ulike ord for skiløype, 16 ord for skitupp og ti ord for skibinding? Band 9 av Norsk Ordbok kjem ut like før ski-VM i Oslo.

Ordboksbandet inneheld svært mange ord på ski-. Desse orda er både språkleg og kulturhistorisk interessante, og dei viser breidda i den norske skikulturen i eldre og nyare tid. Her er mange lokale ord for skiløype (skilåm, skiandore og skimeidd), her er ord for skiutstyr og skiklede (skidress, skiband og skinase), ord for ulike sider ved skisporten (skimuseum, skinasjon og skisekse) – og mykje anna som vil gleda både skientusiastar og språkinteresserte.


Det niande bandet dekkjer alfabetbolken frå ramost til skodda, og med dette er ein ny bit av det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket dokumentert.

- Me nærmar oss 200-årsfeiringa av Grunnlova, og Norsk Ordbok skal vera ferdig i 12 band som folkegåve til den store festen i 2014. Med band 9 er tre fjerdedelar av ordboka fullført, og ekstra artig er det jo at bandet med så mange flotte ski-ord er klart i tide til ski-VM i Oslo, seier prosjektdirektør Åse Wetås.

Band 9 av ordboka inneheld meir enn 27 600 artiklar. Ordartiklane dekkjer både ordtyding, ordhistorie, målføreformer og eksempel på bruk i litteraturen og i talemålet. Her finn ein ord som er allment kjende og mykje brukte over heile landet, side om side med ord frå dei norske dialektane som aldri tidlegare har stått i ei ordbok. Dei store artiklane handlar om verb som riva, seia, sjå og skjera, og pronomen som seg, sin og sjølv. Substantiva er likevel dei det finst flest av i det norske språket, og så mange som 75 prosent av ordartiklane i band 9 av Norsk Ordbok gjeld substantiv.

Dei tolv banda av Norsk Ordbok skal visa ordtilfanget i det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket. Dei norske dialektane er rikt representerte i ordartiklane, både når det gjeld ordtydingar og målføresitat. Ordstatistikken viser at somme kommunar har hatt flittigare innsamlarar enn andre.

Dei ti enkeltkommunane som oftast er nemnde i band 9, er Voss, Oppdal, Suldal, Sparbu, Valle, Hemne, Nøtterøy, Selje, Nesna og Sunndal. For første gong er ein nordnorsk kommune med på ti på topp-lista, og det er me glade for!Aviser er ei viktig kjelde til sitat og dokumentasjon på ordbruk i Norsk Ordbok. I det siste året har me utvida det nynorske tekstkorpuset ved Universitetet i Oslo frå 40 millionar til 86 millionar ord. Mesteparten av auken kjem frå eit utval nynorske lokalaviser som er lagt inn i korpuset.

Lokalavisene utgjer eit svært interessant språkleg materiale i ordbokssamanheng. Grunnen er at dei dekkjer eit så vidt spekter av hendingar og saker, og dermed bruker ord frå svært mange stoffområde. Prosjektorganisasjonen Norsk Ordbok 2014 står bak arbeidet med tolvbandsverket Norsk Ordbok. Hovudredaksjonen held til ved Universitetet i Oslo, men prosjektet har også ei avdeling ved NTNU i Trondheim. Arbeidet er finansiert av Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo. Grunnlagsmaterialet til Norsk Ordbok er digitalt tilgjengeleg for alle som ønskjer å bruka det. Søk i det nynorske tekstkorpuset og i materialsamlingane våre på www.no2014.uio.no.

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no