Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Påmelding til landsmøtet!

 (01.03.2011)

PÅMELDING REISE, OVERNATTING OG OPPHALD LANDSMØTET I SULDALREISE

Alternativ A: Felles reise med leigd buss frå Oslo, over Haukeli til Suldal
Vi vurderer å setje opp buss frå Oslo til Suldal (og heim att sundagen, sjølvsagt) som utsendingane kan hoppe på kvar som helst langs ruta.Vi treng om lag 25 passasjerar for at det skal løne seg med denne løysinga. Bussen vil starte frå Oslo om lag 06.00 om morgonen, og returnere sundag med det same landsmøtet er slutt. Det er 40 mil frå Oslo til Suldal, og turen vil ta om lag 6 timar + pause.

Meld frå seinast tysdag 9. mars om du vil vere med .

Alternativ B: Fly til Stavanger og båt frå Stavanger sentrum til Sand i Suldal
Båten legg til 5 minutt å gå frå landsmøtehotellet.Båten går frå Stavanger klokka 10.45 og er framme i Sand klokka 12.45. Dei som skal flyge denne vegen, bør lande på Sola lufthamn seinast klokka 09.30.

Alternativ C: Fly til Haugesund og leigd buss frå flyplassen
Det går ikkje rutebuss frå Haugesund som høver med landsmøtestart. Om minst 15 personar ynskjer å flyge til Haugesund, kan vi setje opp privat buss frå flyplassen og til Ropeid. Frå Ropeid tek ein ferja over til Sand (10 minutt) og då er hotellet få meter unna. Denne bussen må forlate flyplassen seinast 11.00, så flyet må lande seinast 10.30.

Meld frå innan 9. mars om du ynskjer denne løysinga.

Alternativ D: Alle moglege andre private løysingar eller bussar frå ulike stader
Det finst mange måtar å kome seg til Suldal på. Om ingen av alternativa våre høver for deg, og du er usikker på korleis du skal ordne deg, ta gjerne kontakt med skrivarstova for problemløysing i fellesskap.

Reisekostnader
Hugs at laget har betalt 1600 kroner i reisedekking for kvar utsending. Det vil seie at de legg ut for reisa sjølve og sender rekninga til Noregs Mållag sentralt, som refunderer kostnadene. På det viset blir reisekostnadene 1600 kroner for alle deltakarar, anten dei kjem langvegs frå eller berre eit steinkast unna.

OPPHALD OG OVERNATTING
Pakketilbod Ryfylke fjordhotell og Mo laksegard 2700 kroner (2400 i dobbeltrom og 2100 i trippeltrom). På Mo laksegard deler ein bad med ein eller to andre gjester, men har kvar sine soverom (dersom ein vel enkeltromtilbodet).Det inkluderer:- overnatting frå fredag – sundag- alle måltid frå lunsj fredag til og med lunsj sundag, inkl festmiddag- teaterframsyning fredag kveld.

Mo laksegard har også eit alternativ med "sjølvstell”. Då kostar hytta 2280 kroner frå fredag – sundag, og de kan vere opp til fire personar i desse hyttene, dersom to og to vil dele rom (køyeseng).Sjølvstell inkluderer sluttreingjering, men ikkje frukost (kan lage sjølv i hytta) og ikkje sengklede/handklede. Det kan de ta med sjølve, eller leige for 85 kroner pr person.Ta kontakt dersom du har bruk for enkeltprisar (t.d. fordi du bur privat eller berre skal vere med på delar av landsmøtet). E-post: nm@nm.no eller 23 00 29 30.


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no