Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Odda Mållag gjev 50 000 kroner til Litteraturhus

 (09.03.2011)

Odda Mållag har gjeve 50 000 kroner i støtte til det planlagde litteraturhuset i Odda. Initiativtakar Marit Eikemo fortel at dette gjev inspirasjon til arbeidet vidare, melder Hardanger Folkeblad.

Eikemo fortel at gåva kom heilt utan at ho hadde søkt om støtte frå laget.
– Det kom i posten til oss, så var veldig overraskande og veldig gledeleg, seier ho.

Lokalt engasjement
– At folk i lokalmiljøet og framtidige brukarar – som vi håper mållaget blir – gir anerkjenning til initiativet og inspirerer til vidare arbeid. Det betyr enormt mykje, det lokale engasjementet som dette gir utrykk for, seier Marit Eikemo.

Litteraturhuset har også fått støtte frå Fritt Ord, Norsk kulturminnefond, Odda kommune og Hordaland fylkeskommune. Men det gjer ikkje pengane frå Mållaget mindre velkomne.

– 50 000 kroner er mykje pengar for oss, så dette er veldig flott, seier Eikemo.

Skulle berre mangle
Avtroppande leiar i Odda Mållag, Harry Solberg fortel at det var eit medlem som sendte inn forslag om å støtte Litteraturhuset med 50 000 kroner, og det blei samrøystes vedteke av styret.

– Vi er i den situasjonen at vi har god økonomi. Og når to nynorskforfattarar frå Odda startar litteraturhus skulle det berre mangle at vi ikkje støtta det, meiner Solberg.

Han seier at det kan bli aktuelt for mållaget å nytte litteraturhuset.

– Mållaget har arrangement med vekt på litteratur, til dømes lyrikkvelder, seier Solberg.

Mållaget og litteraturhuset har og felles mål:

– Vi er opptekne av at barn og unge skal bli glade i språk og glade i å skrive, seier Solberg.
Han fortel at Mållaget no skal arrangere ein skjønnlitterær skrivekonkurranse for elevar i vidaregåande skule, og dette

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no