Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Staten ignorerer språkvala til kommunane

 (17.03.2011)

Nesten halvparten av alle nynorskkommunar får sjeldan eller aldri brev frå staten på nynorsk, trass i at dei har krav på det. Det viser ei fersk undersøking som er gjennomført av Språkrådet, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Nynorsk kultursentrum.

– Det bør vere sjølvsagt at statsorgan skriv brev og e-postar på den målforma som kommunen har valt. Det er alvorleg at statsorgana ignorerer språkvala til kommunane, seier fagkoordinator i Språkrådet, Nina Teigland.

114 norske kommunar har krav på å få nynorsk i brev og e-postar frå statsorgan. Undersøkinga viser at desse krava i mange tilfelle ikkje blir innfridde. Det er sentrale statsorgan som oftast bryt lova, medan dei lokale og regionale er flinkare, opplyser kommunane.

– Statsorgana må sørgje for at dei betrar praksisen sin og følgjer opp sitt eige lovverk, meiner Nina Teigland.

Undersøkinga om målbruken i nynorskkommunar har gått ut til alle dei 114 nynorskkommunane i landet, i tillegg til 11 nøytrale kommunar der nynorsk er utbreidd.

Trass lovbrota er det få som klagar. Berre 14 % av kommunane opplyser at dei har klaga på å ha fått skriv på bokmål frå statsorgan.

– Eg oppmodar kommunane om å klage slike saker inn til Språkrådet, avsluttar Teigland.

I undersøkinga kjem det òg fram at:

62 % av nynorskkommunane får sjeldan eller aldri e-postar frå statsorgan på nynorsk
I 42 % av kommunane får vaksne innvandrarar opplæring i bokmål
43 % av kommunane i undersøkinga har mest bokmål på nettstaden


Fleire resultat frå undersøkinga ligg på nettsidene til Språkrådet: www.sprakrad.no/Toppmeny/Aktuelt/-Staten-ignorerer-sprakvala-til-kommunane. Der finn du òg eit oversyn over kommunane som har svara i undersøkinga.

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no