Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil lovfeste rett til nynorske lærebøker for vaksne innvandrarar

 (22.03.2011)

- For å sikra at det finst like mykje opplæringsmateriell å velja mellom på båe målformer, bør opplæringslova krevje at læremiddel for vaksne innvandrarar skal koma på både nynorsk og bokmål til same tid og samepris, meiner Sogn og Fjordane SV. Saka kjem opp på landsmøtet i SV til helga.

Dette er fråsegna som Sogn og Fjordane SV har fremja til landsmøtet til SV:

Nynorsk for vaksne innvandrarar
Vaksne innvandrarar får oftast opplæringa si på bokmål, også i dei kommunane der ein elles nyttar nynorsk. Dette gjev dårlegare integrering. Mange innvandrarar får vanskar med å forstå dialekten derdei bur når dei berre lærer bokmål i norskopplæringa, særleg dersom lærarane også nyttar bokmål som talemål i kommunikasjon.

Det er ei ekstra utfordring for innvandrarforeldre å hjelpa borna sine med skulearbeid på eit skriftspråk dei sjølve ikkje har lært. Det bur mange med innvandrarbakgrunn både her i Sogn og Fjordane og i andre deler av landet der nynorsk er både skulemål, administrasjonsmål og dominerande i lokalsamfunna. Dei nyaste tala syner likevel at berre om lag éin prosent av dei vaksne innvandrarane får norskopplæringa på nynorsk.

Kommunane framhevar at mangelen på gode læremiddel som den viktigaste grunnen til at opplæringa skjer på bokmål. Vi er mange som har etterlyst eit breiare utval av nynorske læremiddel for vaksne innvandrar, slik at det vert lettare for kommunane å gje undervisning på nynorsk. Det har vore lite utvikling på området.

NOU-en Mangfold og mestring tek til orde for at det er nyttig og viktig for innvandrarane å få opplæring på nynorsk og der vert det også peika på at desse læremidla bør inn under parallellitetskravet i opplæringslova slik det er for grunnskulen og den vidaregåande skulen.

Sogn og Fjordane SV meiner det trengst konkrete tiltak. For å sikra at det finst like mykje norskopplæringsmateriell å velja mellom på båe målformer, bør det gå fram av opplæringslova at læremiddel for vaksne innvandrarar skal koma på både nynorsk og bokmål til same tid og samepris.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no