Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

SV med viktig vedtak om læremiddel for vaksne innvandrarar

 (30.03.2011)

Landsmøtet i SV har gjort vedtak om å lovfeste at læremiddel for vaksne innvandrarar skal kome til same tid og same pris på nynorsk og bokmål.
– Dette er eit særs viktig vedtak. For å sikre vaksne innvandrarar eit fullverdig norskopplæringstilbod er det avgjerande å stille same krav til desse læremidla som til andre læremiddel i skulen, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Alle partia er samde om at norskkunnskap er avgjerande for vellukka integrering av innvandrarar, og SV sitt initiativ bør difor få støtte på tvers av det politiske spektret, seier Øvregård.

I dag får vaksne innvandrarar oftast opplæringa si på bokmål, også i dei kommunane der ein elles nyttar nynorsk. Hovudårsaka til dette er manglande utval av læremiddel på nynorsk.
– Opplæring på bokmål i nynorskområde gjev dårlegare integrering, seier Øvregård. Mange innvandrarar får vanskar med å forstå dialekten der dei bur når dei berre møter bokmål i vaksenopplæringa, særleg dersom lærarane også nyttar bokmål som talemål i klasserommet.

– Noko er heilt gale når ordførarar må knote på bokmål for å snakke med elevar på den lokale vaksenopplæringa, slik vi veit det skjer i fleire nynorskkommunar.I tillegg vert det vanskeleg for innvandrarar å tileigne seg den lokale dialekten, når opplæringa er på eit dialektfjernt bokmål.

– I Noreg er lokalt talemål, dialekten, ein viktig identitetsfaktor.Om du talar den lokale dialekten, vert hudfarge eller fødeland mindre viktig. Når innvandrarar i nynorskområde i praksis vert tvinga til å lære å snakke bokmål i staden for dialektnær nynorsk, bidreg dette til å stemple dei som framande.

– Vi er mange som har etterlyst eit breiare utval av nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar, slik at det vert lettare for kommunane å gje opplæring på nynorsk. Det er difor veldig bra at SV vil ta i bruk konkrete tiltak. Å lovfeste læremiddel på båe målformer i opplæring for vaksne innvandrarar, slik opplæringslova i dag gjer for grunnskulen og vidaregåande skule, er eit avgjerande grep, seier Håvard B. Øvregård.

***

Kontakt: Leiar Håvard B. Øvregård, tlf: 91 77 31 57

Utdrag frå vedtaket til SV sitt landsmøte:
For å sikre at det finnes like mye norskopplæringsmateriell å velge mellom på begge målformer, bør det gå fram av opplæringslova at læremidler for voksne innvandrere skal komme på både nynorsk og bokmål til samme tid og samme pris.

Heile vedtaket: http://sv.no/Forside/Partiet/Partiets-organer/Landsmote-2011/Uttalelser/En-offensiv-litteraturpolitikk

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no