Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållagslandsmøte med offensiv for norskfaget

 (05.04.2011)

Til helga er det landsmøte i Noregs Mållag i Suldal i Ryfylke. Frå fredag 8. til sundag 10. april skal landsmøtet drøfte strategi og tiltak i arbeidet for nynorsk. Det er mellom anna venta at landsmøtet kjem med klare krav til kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

– Norskfaget er det viktigaste faget i skulen. Vi ser at det er store utfordringar i norskfaget i dag. Mange elevar oppnår ikkje god nok kompetanse i nynorsk, og norsklærarane er under eit krevjande tids- og arbeidspress. Dette vil vi gjere noko med, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, som også tek attval på landsmøtet.

– Vi krev eit lyft for sidemålsopplæringa for dei med bokmål som hovudmål. Vi vil ha tidlegare start med sidemålsopplæring, sidemålsopplæring i andre fag enn norsk, eigen sidemålsdidaktikk og meir forsking på sidemålsundervisninga, seier Håvard B. Øvregård.

Landsmøtet skal også drøfte nytt tre-årig arbeidsprogram for Noregs Mållag, meir nynorsk i den framtidige førskulelærarutdanninga og framlegget til ny rettskriving.

Styremedlem Aud Søyland frå Valdres er innstilt til ny nestleiar. Det er også eit verv ho har hatt før.

Noverande nestleiar Jens Kihl frå Oslo vert ny styremedlem og Terje Kjøde frå Ørsta rykkjer opp frå varaplass. Bente Riise og Helga Hjetland er ikkje på val. Framlegg til varamedlemer til styret er: 1. vara: Sigbjørn Hjelmbrekke, Bø i Telemark, 2. vara: Magne Heide, Kvæfjord, 3. vara: Marit Aakre Tennø, Luster og 4. vara: Reza Rezaee frå Oslo.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Jens Kihl, nestleiar, 992 31 490 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent: 926 48 348 (m)

Jens Kihl reiser til Stavanger på onsdag, medan Håvard B. Øvregård kjem torsdag, før dei reiser til Suldal på torsdag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no