Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Litteraturpris til Leikvoll

 (08.04.2011)

- Leikvoll er ein av dei dristigaste og mest interessante forfattarane i norsk samtidslitteratur, meinte juryen.

Jan Roar Leikvoll (Foto: Eirki Wixøe Svela)


Det er Noregs Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen. Den vart fyrste gong delt ut i 1982 og er på 30 000 kroner og eit diplom. Juryen har vore Vidar Lund og Margunn Vikingstad.

Grunngjevinga
"Romanen skildrar eit mørkt og dystopisk landskap, eit samfunn strippa ned til ein ørkenaktig søppelhaug. Hovudpersonen og eg-forteljaren er ein ung, grublande gut. Han skil seg ut frå flokken ved framleis å ha evne til å syne medkjensle med dei svake og vere i stand til å reflektere over omgrep som håp, kjærleik og menneskeverd.

Rundt han er det fars lov som rår: den nakne, harde kampen for eksistensen der den sterke og friske styrer alt.Historia er svært ubehageleg å lese. Samstundes er ho nøkternt fortald. Incest, grov vald, kannibalisme og nekrofili er ikkje noko forfattaren boltrar seg i, men er skildra i ein finslipt prosa.

Slik blir nauda endå meir påtrengjande. Handling kan synast å vere lagd til framtida, men ho har òg drag som gjer at ho kjem nært. Folk bur i skur, et søppel og rotter og somme gonger får dei naudhjelp frå fly. Den unge guten har eit vagt minne om bestefaren og ei tid med musikk, men det er lenge sidan «fiolinen fiolinar var».

Forfattaren har gitt eg-forteljaren eit språk som er ubehageleg og grovt og på same tid dempa og kjenslevart. Stilen er sober, historia er original, og saman med eit stort mot til å skildre ein kvalmande brutalitet, skaper forfattaren eit sterkt og gripande forsvar for humane verdiar.

Fiolinane (Samlaget 2010) av Jan Roar Leikvoll står fram som ein soleklar vinnar av Nynorsk litteraturpris 2010."

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no