Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ei framtidsretta førskulelærarutdanninga

 (09.04.2011)

Godt landsmøte og hjarteleg takk for invitasjonen til å tale.

Her er eg: Norsklærar på den største førskulelærarutdanninga i landet, på Høgskolen i Oslo. Det er ei utdanning som profilerer seg på storby, kulturelt mangfald, globalisering og profesjonalisering. I norskseksjonen drøymer vi om å bli større og sterkare, men dei skarve 15 studiepoenga er klar tale: Morsmålsfaget er eit lite fag i utdanninga i dag, mens det både i Polen og Russland er det største faget. Så også her har vi ei kampsak! Men vi norsklærarar held fana høgt, og vi meiner nokke om det meste: Vi har synspunkt på kvifor det ikkje er trendy å seie fitness og after ski, vi meiner det er pinleg å knote, og vi held hardnakka på kortreist mat. Men dette er berre ein flik av kva vi legg oss borti: Vi meiner sjølvsagt også noko om nynorsken. Og vi meiner studentane skal meine noko om nynorsken.

Noregs Mållag har som kjent satsa på nynorsk i barnehagen. Det er ikkje berre lurt å begynne i det små, men også med dei små. Små barn har ikkje fordommar, dei er klin opne og ærlege, inntil vidare. Dei er i ein alder der dei må skape meining av avansert og uforståeleg input, og dei spør og graver på leiting etter samanheng: Kvifor blir det natt? Kor stoppar tunga? Kva er å jogge? Og dei er skråsikre når dei prøver ut opparbeida erfaring, også om språk. Derfor har både mine eigne barn og andre barn kravd forklaring på dei merkelege orda som kjem ut av munnen min når eg seier ”vil du disse, hent koppetua, du må ta ut bosset eller du må ha hue på deg når du går ut”. Då ser dei forundra på meg og spør: Kvifor snakkar du ikkje norsk? Kan du ikkje norsk, mamma? Small is beautiful, tenkjer eg i mitt stille sinn, - og det der med fulle folk og små barn gjeld ikkje i denne samanhengen. Poenget er at det er nettopp i denne alderen der borna skal organisere erfaringar og kunnskap om verda, der dei strevar etter å forstå det folk seier til dei, det er nett her dei er mottakelege for nynorsk. Nynorsken – og dialektane – er ein del av det språklege mangfaldet vi veit ungane taklar. Det er mange studiar som kan fortelje om familiar der borna møter ikkje berre to, eller tre, men svært mange språk og språksystem i det daglege – utan at det går ut over språkutviklinga eller den sosiale og kognitive evna til å finne seg til rette i verda.

Kva er utfordringa eller for å si det beint fram, problemet med nynorsk i barnehagen i dag – når vi veit at det ikkje forsinkar språkutviklinga? Kva vei vi om stoda? Vi veit at førskulelærarar simultanomsetter nynorsk til bokmål når poden kjem med Bæ og Bø, Frosken og den framande eller Kuvenninnene. Der og da les dei noko heilt anna enn det som står skrive i boka. Her er empiri for påstanden: Ei ringerunde til norskfolk på utdanninga kan stadfeste at dei har registrert dette anten dei jobbar ved Høgskulen i Oslo, Bergen eller på Dronning Maud.

Eg hadde dessutan ein bachelorstudent som undersøkte dette meir systematisk. Ho fann at førskulelærarar las bokmål anten dei hadde fått høve til å førebu seg heime eller dei vart beden om å lese boka spontant. Så nynorske boksuksessar og prisdryss til tross: Vi får simultanomsettingar! Ikkje nok med det, vi veit og at bibliotekarar gruver seg for å foreslå nynorske barnebøker. Også her er empirien min henta frå Oslo og innafor Ring 3, men eg trur ikkje dette er ein lokal trend. Tal frå utlånet på Deichmanske bibliotek gir eit meir presist bilde: <pp: tall frå utlån>Nynorskbøkene er i snitt lånt ut 16,2 gonger per bok. Bokmål er i snitt lånt ut 23,7 gonger per bok. Bokmål blir derfor lånt ut 1,46 gonger meir enn nynorsk andsynes talet på bøker. Og dette gjeld bøker utgjeve mellom 2000 og 2010. Eit anna nedslåande døme på stoda er salet av nynorske fagbøker til førskulelærarutdanninga. Dei fleste er på bokmål, og viss nokre er på nynorsk, sel dei dårlegare. Nok eitt døme frå mi eiga utdanning: <PP: Boka til Leif> Boka til Leif Askland, nynorskbrukar og pedlærar. I den fyrste utgåva, på nynorsk, med tittelen Å høyre til, var salet toleleg, men då forlaget foreslo å omsette til bokmål, og til og med endre tittelen, gjekk salstala rett opp! Samstundes konverterte forfattaren til bokmål i klasserommet – han var lei av å forklare og grunngje språket sitt. Nei, det er nok elendigheit i verda frå før om vi ikkje skal sitte her med dystopien og nihilismen som vegvisar. La oss sjå oss om etter andre tankar og andre tendensar. Eg ringde ein barnebibliotekar ved Deichmanske bibliotek, ho som gav meg talla. Ho var ikkje berre negativ på nynorskens vegne, sjølv om ho medgav at nynorsken ”har liten bruksverdi her”, det vil seie i Oslo, men ho la til ”særleg når borna skal lese sjølv”. Så sa ho mykje som eg er samd i: 1) Det er førskolelærarane som er dei rette folka å starte med! Dei vaksne, pedagogane, er nøkkelpersonar. Får vi dei til å formidle nynorsk, er mykje gjort! 2) Folk er jo ikkje dumme, sa ho – dei forstår jo svensk! 3) Lesefrøprosjekta er viktige. Her har biblioteka etablert filialar i ulike barnehagar for å gjøre bøkene lette å nå, og prosjektet kan vise til enorm effekt på interessa for bøker. Og tenk, sa ho, på Holmlia har dei leste Timothy mister seg sjølv <PP: Lenke til boka>. Den underforståtte informasjonen er her at i eit område som Holmlia, med mange minoritetsfamiliar, er dette litt av ein sensasjon! Så trakk bibliotekaren fram Pål-bøkene, (og det må nemnast i parentes at dei er på nynorsk og svært populære), og ho sikta til det fenomenet at i slike bøker med svært lite tekst, kan alle gjøre teksten til sin. Pål-bøkene er kjend for ”babyspråk”, det vil seie at Pål snakkar i eitt- , to- eller treordsytringar, nett slik som målgruppa sjølv uttrykker seg. ”Sjå lampe” seier til dømes Pål. ”Dumme lampe” seier han så og sparkar til lampa. Det er klart at den vaksne som formidlar desse bøkene, gjerne pratar litt meir, peiker på ting i illustrasjonane og på ulike måtar prøver å få ungane til å engasjere seg i handlinga og bidra med sine såkalla primitive ytringar. Kort sagt: det er ingen grunn til å velje bort desse populære bøkene på grunn av nynorsken.

Bibliotekaren var pratsam, ho, og kom med ei historie ho hugsa frå 80-tallet. Då overhøyrde ho ei mor som var på biblioteket med eit barn. Barnet kom med ei bok og sa til mora: ”lese denne!” Mora svarte: ”Nei, den er på nynorsk”. Då svarte barnet: ”Men jeg kan nynorsk, jeg!” Før samtalen med bibliotekaren var over, hadde ho referert ei anna historie om ei jente i 10-11-årsalderen med pakistansk opphav som kom og skulle låne band to av Skammarserien (av Lene Koberbøl, som er såkalla ”fantasy”, omsett frå dansk til nynorsk på Samlaget og vanvittig spanande – eg har lese alle tre bøkene for ungane mine). Bibliotekaren kommenterte at det var flott at jenta las på nynorsk, men då blånekta ho og sa at band ein hadde vore på bokmål og at ho ville ha bokmål i band to og, noko det sjølvsagt ikkje hadde vore. Sånn kan det gå med altfor spanande bøker. No er vel dystopien litt på hell, og optimismen i ferd med å overta? Litt meir positivt frå lærarfronten på førskulelærarutdanninga. Min eigen kollega, Aljona frå St.Petersburg, ei ung kvinne med Noregsrekord i å lære bokmål har tatt saken i eigne hender og meldt seg på nynorskkurs for utanlandske studentar. Ho vil lære å skrive på nynorsk! På kurset har dei laga seg eigen blogg, oppkallen etter eit fenomen dei synes vi har funnet eit særs morosamt namn på: skarring. Sjå her er skarrebloggen: http://skarring.wordpress.com/

Nynorsken i barnehagen Barnehagen er ein arena for det munnlege språket. Her møter barnet forteljingar, songar, forklaringar, rettleiingar og mange former for leik og estetiske uttrykk. Vi veit at barn tidleg erfarer at andre barn og vaksne bruker fleire variantar av det munnlege språket. Eit døme på dette er når barnet spør dialektbrukaren kvifor ho ikkje snakkar norsk. Bruk av dialektar og nynorsk er viktig i denne samanhengen, og temaheftet om språkmiljø og språkutvikling legg vekt på at barnehagen må ha eit bevisst forhold til bruk av dialektar og dei morsmåla som er representert i den enkelte barnehagen. Temaheftet er krystallklar på effekten av språklig variasjon i barnehagen: Det framhevar at kunnskap om språk gjer verda større! Og det peiker på den metaspråklege kompetansen som veks fram når born oppdagar at jeg, eg, æ, i og det engelske I betyr det same. Da ligg faglege ord som dialekt, språk, bokmål, nynorsk, somali, kurdisk, tyrkisk og fleirspråkleg nær. Vi veit óg at born i fleirspråklege barnegrupper får eit større potensial i å utvikle metaspråkleg bevisstheit, noko vi har synt i barnehageprosjektet ”Lær meg norsk før skulestart!”

Vi som arbeider på førskulelærarutdanningane må gå inn for at borna får høyre nynorsk i barnehagen, og det er vi som må førebu studentane på denne oppgåva. Vi veit at dei ikkje har gode nok ferdigheiter frå skulen og kanskje ikkje heller dei best haldningane. Å bruke eit språk er å gi det positiv verdi. Det gjeld nynorsken, og det gjeld mange minoritetsspråk, inkludert samisk. For barnehagen finst det ei rekke temahefte, og temaheftet om språkmiljø og språkstimulering har den same bodskapen som eg framfører her i dag: Borna må få kjennskap til nynorsk i barnehagen. Og for dei vaksne som kan kjenne seg usikre på å formidle på nynorsk, kan lese at nynorsken opnar for ei talemålsfarga høgtlesing på ein heilt annan måte enn bokmålet. Då er det duka for språkleg mangfald, og ein effektiv og rik, i semiotisk forstand, måte å realisere dette på, er å utvikle og ta i bruk digitale læringsressursar: Trykk på knappen, og vips så er språka tilgjengeleg. Eg vil i den samanheng trekke fram eit utmerka og lærerikt samarbeid med nokre designarar som held til i Vaksdal utanfor Bergen (nb – dette er ikkje meint som tekstreklame).

Og det så vestlandske namnet Grom design kan dei ikkje gjere oss mistenksame ein gong: http://www.grom.no/#Scene_1 Og kva har så Grom gjort som er så relevant her på landsmøtet? Vi kan trykke på knappen ”nytt” og sjå. Her er eventyrprosjektet Troll i ord: språkstimulering for born i barnehage og småskule. Viss vi trykkjer på trolliord.net vil de sjå den siste satsinga på fleire morsmål og sjølvsagt på nynorsk.Her kan de óg sjå bokserien Kvalpen og eg, som finst på 13 ulike morsmål kombinert med både bokmål og nynorsk kvalpen og eg. Kvalpen og eg høyrer heime i eit prosjekt vi har kalla Hundespor, og det har og ein digital læringsressurs på mange språk, inkludert bokmål og nynorsk. Her er ein smakebit: http://www.grom.no/Jakten/index.html

Det er Utdanningsdirektoratet som har gjort dei to prosjekta Hundespor og Troll i ord mogeleg. Og som kjend ligg no barnehagen under KD og ergo under direktoratet. Grom har søkt om midlar og fått dei, og eg har vore den norskfaglege samarbeidspartnaren. Førskulelærarutdanninga Noreg rundtFrå rammeplanen for førskulelærarutdaninga heiter det at studentane skal meistre norsk språk, med tanke på munnleg og skriftlig (bokmål og nynorsk) framstilling og formidling. Studentane skal prøvast i skriftleg bokmål og nynorsk. Studentar med samisk, kvensk, norsk teiknspråk eller eit anna minoritetsspråk som morsmål, og som ikkje har vurdering i begge norske målformer frå vidaregåande opplæring, har krav på fritak. Det samme gjeld forutenlandske studentar som ikkje har videregående opplæring fra Norge. Dette blir praktisert noko ulikt på utdanningane.

Hovudmønsteret er at studentane anten har skriftleg eksamen i sidemålet eller at dei har eit obligatorisk arbeidskrav som må vere bestått før eksamen. Den fridomen vi som lærarar har å boltre oss i for å skape ein engasjerande aktivitet på sidemålet, ligg helst i arbeidskravet og ikkje i eksamen – her er sjangeren meir rigid. Det er i det meir frie arbeidskravet slaget om nynorsken står, for å setje det på spissen. Det er i alle fall det einaste formelle høvet vi har til å gjere møtet med nynorsken spanande og liv laga. Vi skal vite at det er her vi kan forføre tvilarane og skeptikarane.På Høgskolen i Oslo trur eg vi har funne ein aktivitet som er så morosam at studentane gløymer at dei skriv på sidemålet, det vil i hovudsak seie på nynorsk. Slått saman med arbeidskravet i ikt skal dei lage ei digital bildebok, ei forteljing eller ein sakprosatekst. Med bruk av photo story skriv dei gladeleg i veg.

Vi har alliert oss med Mållaget som villig sa ja til å sitje i jury for kåringa av dei beste bidraga innan kvar sjanger. Det har vanka bokgåver, refleksband og godord. Og kva sa studentane? Jo, sjå her:http://www.hio.no/Aktuelt/HiO-nytt/Arkiverte-nyheter/2010/09/Nynorsk-fotohistorie– Dette var ein heilt annan måte å arbeide med nynorsk på. Det var morosamt å få bruke det så kreativt, seier Eva Bakken, som vann med ”Forteljinga om rare dyr”. Ho legg til at det krev ei haldningsendring hos lærarar og førskolelærarar. – Dette må frontast som viktig, seier ho.Stine Carlsen blei premiert for forteljinga ”Sumardraumen”. – Eg er nesten overraska over kor fint alt kling på nynorsk, seier Carlsen. – Nynorsk er verkeleg eit lyrisk språk og det har vore utruleg artig å arbeide med denne oppgåva.Og kva måtte studentane love Håvard B. Øvregård i Mållaget som takk for gåver og fagleg inspirasjon: – Så må de love meg, at når de kjem ut som ferdige førskolelærarar og skal ut i arbeid, må de sørgje for at det finst minst éi bok i barnehagen som er skriven på nynorsk. Og den skal lesast på nynorsk, formana Øvregård med glimt i auget.– Nær all tekstformidling til born går i dag føre seg på bokmål. Men jo meir nynorsk ungane har høyrt, jo lettare blir det å møte nynorsken i skolen – anten det er som sidemål eller hovudmål, avslutta Øvregård.Så til dagens bombe: Det er ikkje dei fleirspråklege studentane som har den mest negative innstillinga til nynorsken. Desse studentane har ikkje på førehand bestemt seg for at nynorsk er dumt – dei har ikkje skribla Spynorsk mordliste på omslaget av ordboka i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Mange av dei finn nynorsken litt eksotisk når dei blir nærare kjend med han. Og dei er overraska over at det ikkje er verre og vanskelegare. Det er faktisk lettare enn dansk og svensk, seier dei.

Men kva for krav skal vi stille til dei fleirspråklege studentane? Formelt har dei fritak frå kravet til sidemål. Men i norskseksjonen meiner vi likevel at dei skal kunne formidle ei barnebok på nynorsk i barnehagen. Det er absolutt innanfor rekkevidde, viss vi legg til rette for det i undervisninga og avmystifiserar nynorsken som noko rart og ubegripeleg.

Kvifor kan ei barnehagekampanje lukkast nett no? Eg trur paradigmet er på vår side: Det er tid for språk, tid for mangfald, tid for gjenbruk, tid for kjeldesortering og tid for kortreist mat – tid for å ta ansvar for bruken av dialektane og for bruken av nynorsk, slik at borna får møte det norske språklege mangfaldet og ikkje berre det globale.

Til slutt vil eg oppfordre Noregs Mållag til å satse på nokre konkrete område:
• Hald fram med satsinga på nynorsk i barnehagen – dei små borna må få møte nynorsk og dialektar før dei startar på skulen
• Få med førskolelærarutdanningane på ei nynorskkampanje
• Få lærarar i utdanninga til sjølve å bruke dialekt og nynorsk
• Bokpakkar og bokbesøk kan gjere fagfolk og foreldre medvitne
• Samarbeid med dei lokale biblioteka, få dei til å deponere bøker på begge målformer i barnehagen
• Involver foreldra og besteforeldra, få dei til å lese og fortelje på dialekt og på nynorsk.
• Dra i gang ein digital dugnad der nynorsken har ein plass• Ha høge ambisjonar: Nynorsken må bli ein del av bynorsken!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no