Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kva skal til for å skape framgang for nynorsken?

 (09.04.2011)

Gode landsmøtelyd!

Kva skal til for å skape framgang for nynorsken?
Skikkeleg framgang?

Av og til ligg eg vaken om kvelden og tenkjer på kor glad eg er i nynorsken og målsaka. Nett det er vi kanskje ikkje så mange som gjer her til lands, utan at eg ser på det som noko stort problem. Styrken til bokmålet ligg nok ikkje i at det er så frykteleg mange som ligg svevnlause av kjærleik til bokmålsveldet. Vonleg har eg fleire med meg i ynsket om at nynorsken skal gjere det betre enn i dag.

Men der bokmålet får draghjelp av sin eigen storleik, treng nynorsken kløktige og handlekraftige medhjelparar. Jammen flaks at nynorsken har Noregs Mållag til å hjelpe seg – denne sidrumpa, gamaldagse og utruleg vakre organisasjonen som nyleg fylte 105 år!

Men før vi kjem så langt, tenkte eg vi skulle ta ein tur innom Angola. Dette biletet fekk eg låne av Redd Barna, og fotografen heiter Amy Wiliams. Fotografia syner ei skuletavle og ei kladdebok. Til venstre ser vi kva læraren har skrive, og til høgre ser vi korleis eleven har kopiert teksten. Men det vi ser, er at det er bordar og ikkje bokstavar som fyller arket. Det er ikkje nok å gå på skulen, sitje i klasserommet og ha ein lærar – kvalitet i utdanninga er heilt avgjerande. Truleg er foreldra til denne eleven analfabetar, og vil berre sjå at ungen deira kjem heim frå skulen med ei kladdebok full av arbeid. Skriftspråk er heilt avgjerande viktig – og kvalitet i utdanninga har alt å seie for korleis elevar lærer seg å meistre dette verktyet. Biletet illustrerer kor viktig skriftspråket er: det opnar dører til utdanning, demokrati og deltaking i samfunnet. Vi synest det er riktig og viktig å leggje fram eit arbeidsprogram som prioriterer arbeid med barn og unge høgst.
I heile det siste året har Noregs Mållag arbeidd med det som skal bli arbeidsprogrammet for organisasjonen i perioden 2011–2014. Som leiar for arbeidsprogramnemnda har eg grubla over mange ting. Den aller viktigaste er denne: kva skal til for å skape framgang for nynorsken? Eg meiner noko av svaret kjem til uttrykk i det utkastet nemnda har levert frå seg: ein organisasjon med vilje til å dra i same retning og prioritere. Ikkje alt er like viktig; ikkje alt hastar like mykje. Men noko hastar faktisk litt.

I arbeidet med dette programmet har prosessen vore viktig for styret og for meg. Vi sette ned ei nemnd på styremøtet i juni 2010, og eg vil gjerne nytte høvet til å takke nemnda, som har gjort kva gjerast skulle:
Ð Terje Kjøde (Sunnmøre)
Ð Margit Ims (Telemark)
Ð Jens Helleland Ådnanes (Hordaland)
Ð Astrid Myhre (Aust-Agder)
Ð Vidar Lund (Rogaland)
Ð Maiken Rose Flatmo (Trønderlaget, no Romsdal)
Ð Kjell Snerte (Buskerud)
Ð Birgitta Lim Ersland (NMU)

Vi har hatt to telefonmøte, eitt fysisk møte i Oslo og kontakt på e-post. Nemnda kom fram til eit utkast som var samrøystes på alle punkt. Dette utkastet har vore oppe til ordskifte i landsrådet og blitt sendt til alle laga med ein høyringsperiode på tre månader, prenta i Norsk Tidend og publisert på heimesidene. Styret har vore på vitjing til så å seie alle fylkesårsmøta og mange av lokallagsårsmøta i organisasjonen for å høyre kva laga meinte, og i tillegg har eg hatt ein kronikk om programmet i Nationen. Til saman har desse innspela lagt grunnlaget for den innstillinga som styret no kjem med, og som vi saman skal kna til det endelege arbeidsprogrammet denne helga.
No vil eg gjerne snakke litt om favorittemnet mitt, nemleg meg sjølv.

Eg er ein fyrstegenerasjonsinnvandrar i nynorskens skog. I det landet eg kjem frå – Vestkanten heiter det visst – er det ein sentral del av den innfødde kulturen at vi ikkje akkurat er smålåtne. Slik sett var det ein miniatyrversjon av clash of civilisations å oppdage kotymen i målrørsla: Dersom vi har grunn til å tru at det finst 600 000 nynorskbrukarar i Noreg, seier vi helst ein halv million. Om ein statistikk ser stygg ut for nynorsken, bør vi helst framskrive han og snakke om den dagen grafen når null. Eg meiner dette er ein sjukdom målrørsla har all grunn til å vaksinere seg mot. I staden for å fortvile over alle kampane vi sikkert kjem til å tape ein gong i framtida, bør vi sjå på det som er viktigast å vinne. Eg meiner det er eit poeng i seg sjølv å sjå på nynorskglaset som halvfullt, heller enn halvtomt.
Så: Kva er den eine, store ideen vi skal gripe kring, dyrke og kjempe for?

Nemnda meiner at vi skal gripe det verste problemet av dei alle, nemleg nedgangen i talet på elevar med nynorsk hovudmål i grunnskulen. Kvart år er det litt færre elevar med nynorsk hovudmål i Noreg. Det meste av dette skuldast sjølvsagt alt det Noregs Mållag ikkje kan styre: sentralisering, kommunesamanslåingar, skulenedleggingar og liknande.

Men likevel bør vi sjå kva vi kan gjere for å snu denne utviklinga. Det er viktig av fleire grunnar: Dersom det er målreising vi driv med, må ein viktig del av arbeidet vere å auke talet på nynorskbrukarar, og då er det viktig at fleire veks opp med nynorsk. Men i tillegg vil ein snunad verke positivt på anna målarbeid òg: Skulemålsstatistikken blir ofte nytta som prov på at nynorsken er upopulær og dødsdømd. Vi veit det ikkje er sant, men det hadde ikkje skada å få ein og annan kritikar til å halde kjeft.

Det skumlaste med å gå til kamp mot skulemålsutviklinga er faren for å tape. For kva dersom Noregs Mållag gjer alt vi kan i tre år for å betre på stoda utan at det kjem noka som helst endring? Det vil sjølvsagt vere ille, men eg meiner vi ikkje har råd til å la vere å prøve. Framtida for nynorsken ligg i at vi får med oss dei yngste.

Noregs Mållag meiner at alle ungar i Noreg bør møte nynorsken tidleg, og at dei bør møte han i langt større grad enn i dag. Vi høyrer ofte snakk om at ungar «tek språk» så kjapt. Dei kan vere med foreldra ein tur utanlands, og vips! har dei lært meir utanlandsk enn noko språkkurs kan lære oss vaksne. Men når det gjeld bokmål og nynorsk er det visst viktig å ikkje blande. Då er det plutseleg det monokulturelle som er idealet: Ungane skal for all del ikkje bli språkmektige i ung alder.

Framlegget om å prioritere dei yngste er langt frå nytt eller originalt. Åra i målrørsla har lært meg at det meste har blitt gjort før – og gjerne på syttitalet. For nemnda har det likevel vore viktigare å prioritere rett enn å prioritere nytt og gøyalt. Vi vonar den prioriteringa vi har gjort ber preg av det.

Eg tenkjer ofte at unge får ufortent mykje tyn. Ungdom byter til bokmål, dei skriv for mykje feil, dei skriv dialekt, dei knotar – dei gjer alt mogleg gale. Eller for å gjere Sigmund Skards ord på mållagslandsmøtet i 1955 til mine: «Kva skal vi gjera med dei som ikkje er med i Noregs Mållag? Kva skal vi gje dei unge som susar på motorsykkel gjennom bygdene, dei som les Det Beste og Verden Rundt og kastar seg over grammofonplater med Duke Ellington?»
Kan hende skal vi gje dei medlemskap i Blåmann barnebokklubb. Eller fagleg stødige lærarar og skulebøker på nynorsk. Eller alt på éin gong. Det er i alle fall det arbeidsprogramnemnda har tenkt.

Så: kva er nedprioritert?
Den suverent vondaste nedprioriteringa i arbeidsprogrammet er etter mitt syn arbeidet for å opne dei store riksavisene for nynorsk. Redaktørane i Dagbladet, VG og Aftenposten har meir språkmakt enn dei fleste andre nordmenn. Ved å medvite sensurere vekk nynorsken frå spaltene sine representerer dei eit håplaust utdatert språksyn som det er verdt å kjempe mot. Eg trur likevel ikkje at det er Noregs Mållag sin innsats åleine som kan gje oss siger i denne saka. Difor kjennest det rett å prioritere eit arbeidsfelt der vi har større påverknad på resultata i samfunnet.

Innimellom kjem eg over lesarbrev skrivne av menneske som hatar nynorsk, og som underskriv «på vegner av mange». Men eigentleg er nynorskhat skuffande lite utbreidd i Noreg, meiner no eg. Derimot er det målrørsla som snakkar på vegner av forbløffande mange: Tusenvis av mållagsaktivistar, titusenvis av målfolk, hundretusenvis av nynorskbrukarar og millionar av nordmenn.
Vi er ei seig folkerørsle, og vi korkje kan eller vil prioritere å kaste om oss med nye og artige utfall til eikvar tid: standpunkta og vegvala våre må gjennom organisasjonsdemokratiet. Dette gjer oss kanskje mindre sexy, men langt meir relevante over tid. Noregs Mållag kan ikkje leve frå presseoppslag til presseoppslag, men har ansvar for å sjå dei lange linene i målreisinga.
Noregs Mållag er ein forbløffande sterk organisasjon – ein nynorsk perpetuum mobile. Somme seier at vi er den største språkorganisasjonen i verda, dersom ein legg parti-, religions- og etnisitetsnøytralitet til grunn. Ja, det er mange pensjonistar. Ja, mållaget var sikkert større og sterkare før. Men faktum er at fleire hundre nye medlemer kvart år finn vegen til Noregs Mållag, og at vi framleis kan bite frå oss når det trengst.

Det er avgjerande for målreisinga at Noregs Mållag held fram med å vere ein sterk organisasjon, og då er det aller viktigaste at mållaga står sterkt lokalt. Mållaga veit sjølve kva som skal til for å vere viktige og sterke, men eg har trua på at vi kan bli flinkare til å dra meir i same retning samstundes. Ved å prioritere dei same kampane til same tid, vil vi vonleg oppnå det som i heilt andre miljø blir kalla for synergieffekt.
Samstundes vonar eg målfolk nyttar dette høvet til å seie noko om kva veg Noregs Mållag skal ta dei neste tre åra. Dette arbeidsprogrammet legg premissane for det organiserte målarbeidet fram til 2014. Vi veit at mange har klare meiningar om dei prioriteringane vi gjer. Dersom desse meiningane skal bli lytta til, er denne prosessen det rette tidspunktet.

Det har hendt at eg har samanlikna dei lokale mållaga, fylkesmållaga og yrkesmållaga med ein gullreserve for Noregs Mållag. Dette er ei særs dårleg samanlikning all den tid organisasjonen vår ikkje ligg i ro på kistebotnen. Ei betre grunnstoffsamanlikning er truleg uran: Kraftfullt, potensielt eksplosivt og med utruleg lang halveringstid.

Godt ordskifte!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no