Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Anne-Ma Eidhammer

 (10.04.2011)

Dette sa Håvard B. Øvregård ved utdelinga av Målblomen:

«Stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege» Slik lyder oppropet som 50 ordførarar har samla seg bak, og som har vore viktig for å setje nynorskopplæring for vaksne innvandrarar på dagsorden siste åra.

Målarbeidet er heilt avhengig av lokale eldsjeler og gode initiativ. Og av og til får slike lokale initiativ nasjonal verknad. Det var nyleg avgått leiar i Vindafjord Mållag, og framleis styremedlem i Karmsund Mållag, som stod bak oppropet. Anne-Margrethe, eller Anne-Ma Eidhammer har sjølv vore vikarlærar for innvandrarar, og såg kor viktig dette var lenge før ordførarar og kommunale vaksenopplæringar såg alvoret.

Ho har ofte opplevd at framandspråklege har teke kontakt for å få undervisning på nynorsk. Dei har grunngjeve det med at dei både som integrerte og busette i kommunen, og med born som får nynorsk opplæring i skulen, får problem med å skjøna dialekten som ligg nærast opp til nynorsk skriftsspråk. Mange fortalde at dei einsidig vart tilbydd bokmålsopplæring, og grunnen var at det nesten ikkje er nynorske læremiddel å få tak i.

Anne-Ma vart lei av at innvandrarar busette i nynorske kommunar med nynorsk opplæringsspråk fekk opplæring på bokmål grunna liten tilgang til undervisningsmateriell. Og sidan det ikkje kom nye lærebøker på nynorsk, gjorde ho noko med dette sjølv. Ordføraroppropet frå 2009 har gjeve stor merksemd om temaet, og synleggjort problemet for departement og ansvarlege instansar. For Mållaget sentralt sitt arbeid har Anne-Ma sin innsats vore ein svært viktig ressurs.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no