Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen 2011 til Yngvar Andersen

 (10.04.2011)

- Årets prisvinnar er kjend for å vere glad og positiv. Du har knapt sett han utan at eit varmt smil har lyst mot deg. Ein perfekt ambassadør for nynorsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag sin målpris skal gå til nokon som gjer ein viktig - og gjerne uventa - innsats for målsaka. Tidlegare har mellom anna Are Kalvø, Universitetet i Bergen og Hellbillies vunne prisen. Årets prisvinnar er verken statsråd, universitet eller rockeartist, men har markert seg på eit område der vi sjeldan deler ut målprisar.

Yngvar Andersen starta opp treningssenteret Mykjemeir i Oslo i 2006. Han valde medvite å bruke nynorsk i næringsverksemda si. Nettsidene har nynorsk som standard - men dei som absolutt vil, kan velje å få teksten på bokmål. Seinare har han blitt eit kjent andlet som treningsekspert i NRK-programmet Puls, der han bruker eit ledig, konkret og godt språk.

Andersen fekk målpris frå Luster Mållag i 2008 og målpris frå Sogn og Fjordane Mållag tidlegare i år.

For fleire kommentarar: Håvard B. Øvregård, leiar Noregs Mållag tlf. 917 73 157

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no