Noregs Mållag krev satsing på norskfaget
(10.04.2011)
Noregs Mållag understrekar at norskfaget er det viktigaste faget i skulen, og meiner at meistring av språket er ein grunnleggjande dugleik som ligg til grunn for læring i alle andre fag. Norskfaget har òg ein viktig funksjon i å gje alle norske born eit felles språkleg utgangspunkt. Elevane skal verte medvitne om at det er to målformer her i landet, og alle elevar skal lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at norskfaget framleis må vere eit danningsfag, samtidig må elevane få tid til god lese- og skriveopplæring i nynorsk og bokmål. Mållaget er derfor kritisk til at norskfaget vert fylt opp av andre emne som tek tida frå den viktige basisopplæringa.
Dette er konkrete krav frå Mållaget:
Ein eller fleire lærestader med lærarutdanning må få eit nasjonalt ansvar for å utvikle nynorsk didaktikk for hovudmåls- og sidemålselevar.
Kompetansemåla for 4. og 7. årstrinn i læreplan i norsk må endrast slik at læreplanen betre legg til rette for tidlegare start med sidemålsopplæring.
Erfaringar med bruk av sidemål i andre fag enn norskfaget må samlast inn og formidlast til andre skular.
*** Dette er heile fråsegna om norskfaget:
Landsmøtet i Noregs Mållag krev satsing på norskfaget Norskfaget er det viktigaste faget i skulen. Meistring av språket er ein grunnleggjande dugleik som ligg til grunn for læring i alle andre fag. Norskfaget har òg ein viktig funksjon i å gje alle norske born eit felles språkleg utgangspunkt. Elevane skal verte medvitne om det språklege mangfaldet vi har i Noreg, og alle elevar skal lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål.
Utfordringar i norskfaget Landsmøtet i Noregs Mållag merkar seg at det er eit stort ordskifte om norskfaget for tida, og ser at det er store utfordringar i norskfaget i dag. Mange elevar oppnår ikkje god nok kompetanse i nynorsk, og norsklærarane er under eit krevjande tids- og arbeidspress. Gjennom revideringar av læreplanen dei siste åra – særleg gjennom Kunnskapsløftet frå 2006 – har det kome fleire prioriterte område inn i norskfaget. Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at norskfaget framleis må vere eit danningsfag som skal gje elevane forståing for tospråksituasjonen i Noreg. Samtidig må det vere sjølvsagt at elevane får god lese- og skriveopplæring i nynorsk og bokmål. Vi er derfor kritiske til at norskfaget vert fylt opp av andre emne som tek tida frå den viktige opplæringa i basisdugleikane.
Elevar med nynorsk som hovudmål Språklæring går ikkje føre seg i eit vakuum på skulen. Når elevar for det meste møter bokmål utanfor skulen, vert det vanskelegare for dei å tileigne seg god kompetanse i nynorsk – uavhengig av kva hovudmål dei har. For elevar med nynorsk som hovudmål er det ekstra viktig å møte mykje nynorsk i skulen for å vege opp for bokmålsdominansen elles. Det er viktig å gjere desse elevane trygge i nynorsk for å unngå målbyte.
Eit lyft for sidemålsopplæringa Landsmøtet i Noregs Mållag stør læreplanen si tydelege stadfesting av at elevane skal meistre både nynorsk og bokmål. Mange elevar med bokmål som hovudmål får ikkje tilfredsstillande opplæring i sidemålet sitt. Dette kan føre til at elevane ikkje får ei positiv meistringskjensle knytt til nynorsk, og at dei får ei negativ innstilling til vurdering i faget. Landsmøtet i Noregs Mållag krev eit lyft for sidemålsopplæringa for dei med bokmål som hovudmål. Elevane med nynorsk som hovudmål møter så mykje bokmål i dagleglivet at dei ikkje har det same behovet for sidemålsopplæring – dei er i praksis toskriftspråklege utan særleg formell undervisning.
Eit lyft for sidemålsopplæringa: Tidleg start Tidlegare start med sidemålsopplæring er ein god måte å gjere det lettare for elevane med bokmål som hovudmål å meistre nynorsk, og gjer at elevane får færre fordomar mot å lære det. Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at: > Kompetansemåla for 4. og 7. årstrinn i læreplan i norsk må endrast slik at læreplanen betre legg til rette for tidlegare start med sidemålsopplæring. > Erfaringar med tidleg start med sidemålsopplæring må samlast inn og formidlast til andre skular. > Det må gjennomførast forskingsprosjekt på tidlegare start med sidemålsopplæring.
Eit lyft for sidemålsopplæringa: Bruk av nynorsk i andre fag enn norskfaget Det er i dei siste åra gjort mange positive sidemålsforsøk for elevar med nynorsk som sidemål, der ein gjennom å nytte nynorsk i andre fag enn norskfaget har gjeve elevane eit betre grunnlag for å meistre begge skriftspråka.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at: > Skular bør nytte sidemål i andre fag enn norskfaget som eit verkemiddel for at elevane skal meistre både bokmål og nynorsk, og at regelverket for skulen må leggje til rette for dette. > Erfaringar med bruk av sidemål i andre fag enn norskfaget må samlast inn og formidlast til andre skular. > Det må gjennomførast forskingsprosjekt på bruk av sidemål i andre fag enn norskfaget.
Eit lyft for sidemålsopplæringa: Utvikling av nynorsksdidaktikk Elevar med nynorsk som hovudmål har ein annan læringssituasjon og andre utfordringar enn bokmålselevar. Dette er i liten grad teke opp i lærarutdanninga og norskdidaktikken.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at: > Éin eller fleire lærestader med lærarutdanning må få eit nasjonalt ansvar for å utvikle nynorsk didaktikk for hovudmåls- og sidemålselevar.
Eit lyft for sidemålsopplæringa: Forsking på sidemålsopplæringa Det finst svært lite forsking på sidemålsopplæringa, trass i at ho er mykje debattert i det offentlege. Landsmøtet i Noregs Mållag vil at mindre synsing og meir forskingsbasert kunnskap skal liggje til grunn for sidemålsordskiftet. Det trengst kunnskap om gjennomføring av sidemålsopplæringa i skulen og korleis dette påverkar elevane sitt læringsresultat.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at: > Det trengst meir forskingsbasert kunnskap om metodar og tidsbruk i sidemålsundervisninga, og lærarane sin kunnskap i og haldningar til sidemålet.
Norsk i lærarutdanninga Lærarane sine norskkunnskapar er avgjerande for god norskundervisning i skulen. Landsmøtet i Noregs Mållag er i tvil om dei ulike lærarutdanningane legg til rette for og sikrar at framtidige lærarar har god nok kompetanse i nynorsk og bokmål. Tilbodet norsklærarane har om kurs og etterutdanning i nynorsk, står ikkje i høve til kva dei treng.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at: > Det må undersøkjast i kva grad lærarutdanninga legg til rette for og sikrar at framtidige lærarar har god kompetanse i nynorsk og bokmål. > God kompetanse i nynorsk og bokmål er også eit avgjerande krav for lærarar som ikkje skal undervise i norsk, fordi språklæring skjer i alle timar og i alle fag. > Alle lærarar må få tilbod om kurs og etterutdanning i nynorsk.
Vurderingsordningar i norskfaget Læreplanen og kompetansemåla skal styre opplæringa. Men i eit stort og omfattande fag som norsk har vurderingsordningane stor påverknad på korleis kompetansemåla vert prioriterte i opplæringa. Det er difor avgjerande at vurderingsordninga i norskfaget synleggjer kravet om at elevane skal meistre både nynorsk og bokmål. Landsmøtet i Noregs Mållag er ope for endringar i vurderingsordninga for norskfaget, men slike endringar skal ikkje svekkje kravet om skriftleg kompetanse i både nynorsk og bokmål slik det er slege fast i dagens læreplan.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at: > Det må vere ei særleg vurdering av eleven sin kunnskap i sidemålet, både på ungdomsskulen og i studieførebuande vidaregåande opplæring. Vurderinga må vere gjennom eigen standpunktskarakter eller obligatorisk eksamen, eller helst båe delar. > Elevar i studieførebuande vidaregåande opplæring må ha sidemål som ein del av norskfaget til og med det avsluttande året for å oppnå ein god nok kompetanse i språket.
Forsøk i norskfaget Landsmøtet i Noregs Mållag støttar forsøk i norskfaget som er i tråd med læreplanmåla. Det må vere eit krav at slike forsøk vert dokumenterte undervegs og i etterkant, at erfaringane vert vurderte av kompetente fagmiljø, og at dokumentasjon vert gjord tilgjengeleg for andre skular og eksternt interesserte.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at: > Det er viktig med eit mangfald av forsøk i norskfaget. > Forsøk i norskfaget må vere i tråd med gjeldande læreplanmål. > Forsøka må dokumenterast, og dokumentasjonen må gjerast tilgjengeleg for eksternt interesserte. > Erfaringar frå forsøk må i tillegg vurderast av kompetente fagmiljø.
Tospråkssituasjonen – ein styrke for Noreg I sidemålsordskiftet vert det stundom spurt om kvifor vi må ha to språk. Den norske språksituasjonen med to levande skriftspråk er ein styrke og ein ressurs for norske språkbrukarar. Gjennom å meistre nynorsk og bokmål i tidleg alder vert ein betre i norsk. Dette er ein styrke som elevar med bokmål som hovudmål i dag ikkje får ta full del i, på grunn av manglande prioritering av og for dårleg opplæring i sidemålet. Landsmøtet i Noregs Mållag ynskjer at det ikkje berre skal vere nynorskelevar som skal dra nytte av den norske språksituasjonen.
|
|