Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Søyland ny nestleiar i Noregs Mållag

 (10.04.2011)

Noregs Mållag har avslutta landsmøtet, og Håvard B. Øvregård vart attvald som leiar. Styremedlem Aud Søyland frå Valdres vart vald til ny nestleiar i Noregs Mållag. Det er også eit verv ho har hatt før.

- Den nye målstriden handlar ikkje berre om norsk språk i Noreg, men også om minoritetsspråk og framandspråk. Djupast sett dreier det seg om å verdsetje språk, fleirspråkskunnskap og det at vi lever i eit fleirspråkleg samfunn, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

- Vi arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekten sin, for at folk i bygd og by skal velje å ta i bruk nynorsk, og for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet.

Landsmøtet i Noregs Mållag drøfta også saka om nytt framlegg til nynorskrettskriving. Styret i Noregs Mållag har tidlegare levert høyring, og landsmøtet valde ikkje å gjere vedtak i saka.

Noverande nestleiar Jens Kihl frå Oslo vart ny styremedlem og Terje Kjøde frå Ørsta rykkjer opp frå varaplass. Bente Riise og Helga Hjetland var ikkje på val. 1. vara: Sigbjørn Hjelmbrekke, Bø i Telemark; 2. vara: Magne Heide, Kvæfjord; 3. vara: Marit Aakre Tennø, Luster og 4. vara: Reza Rezaee frå Oslo.

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, telefon 917 73 157
Aud Søyland, nestleiar i Noregs Mållag, telefon 990 37 584

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no