Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vedtekne fråsegner

 (10.04.2011)

Fråsegn 2:

Etterutdanning i samband med ny nynorskrettskriving
1. april leverte Riise-nemnda innstillinga om ny rettskriving til styret i Språkrådet. Styret behandlar saka i mai, og sender venteleg innstillinga vidare til Kulturdepartementet til godkjenning. Etter planen skal den nye nynorskrettskrivinga takast i bruk frå hausten 2012.
Alle som nyttar nynorsk, blir påverka av den nye norma. I tillegg til dei som har nynorsk som hovudmål, gjeld det offentleg tilsette på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå, lærarar, journalistar, forfattarar, tilsette i nettredaksjonar og publikumsretta tenester ofl.
Vi veit at det også i dag er eit klart behov for å styrkje nynorskkompetansen i store delar av det offentlege og i andre yrkesgrupper. Mangelen på kompetanse er ein viktig grunn til at nynorskbrukarar ikkje får oppfylt retten til språkleg jamstelling. Med ei ny rettskriving er det fare for at endå fleire kvir seg for å skrive nynorsk, viss dei ikkje får tilbod om opplæring.
Innføringa av den nye norma er eit unikt høve til å gi eit kompetanselyft til alle yrkesgrupper som bruker det nynorske skriftmålet. Ei slik satsing på kompetanseheving i nynorsk er òg i tråd med St.meld. 23 (2007–2008) Språk bygger broer og St.meld. 35 (2007–2008) Mål og meining, der overordna språkpolitiske mål er nettopp å leggje til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål, og at det offentlege skal leggje vekt på å føre eit korrekt og forståeleg språk.
Landsmøtet i Noregs Mållag vil oppmode Stortinget om å gi særskilde løyvingar til å gjennomføre eit kompetanselyft i nynorsk i offentleg sektor på alle forvaltningsnivå og i utdanningsinstitusjonane frå barnehage til høgskule- og universitetsnivå. Noregs Mållag forventar at Kunnskapsdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet lagar eigne planar for dette. Språkrådet har ei viktig rolle i å følgje opp arbeidet.


Fråsegn 3

Skriftkulturen i kommunane
I språkmeldinga (St.mld. 35, Mål og meining) og andre offentlege dokument står det tydeleg at styresmaktene har eit stort ansvar for å verne om jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Det skal leggjast spesielt til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål.

Ein rapport frå mars i år om målbruken i nynorskkommunane, viser at vi berre unntaksvis finn kommunar som set språkpolitikk på dagsordenen. Dei tek ikkje alvorleg nok at dei som kulturforvaltarar også har ansvar for skriftkulturen.

Det er kommuneplanar for det meste, men skriftkulturen er gløymd i dei aller fleste kommunane. Mange kommunar gøymer seg bak den såkalla språknøytraliteten, som i praksis tyder sterk bokmålsdominans, sjølv i kommunar der nynorsk har stor plass i skulen, avisene, i lag og organisasjonar og elles i lokalsamfunnet. Mange kommunar overlet til dei tilsette å velje skriftmål.

Slik kan det ikkje halde fram. Kommunane må ta ansvaret sitt som språkpolitiske aktørar. Til det treng dei støtte i form av midlar og kompetansebygging frå staten og frå sin eigen interesseorganisasjon, KS, og desse instansane må samstundes leggje press på kommunane om å ta oppgåva som språkpolitisk aktør på alvor.

Landsmøtet i Noregs Mållag i 2011 meiner at kommunane må setje seg følgjande minimumsmål:
> Kommunane tek ansvar for å utvikle språkleg sjølvtillit til eigen skriftkultur og språkleg toleranse til andre sin skriftkultur.
> Kommunane må byggje opp medvit om skriftkulturen i kommuneadministrasjonen.
> Dei språknøytrale kommunane må vise at vi har ein tospråkleg skriftkultur ved å bruke begge målformene i ulike samanhengar.

Språknøytrale kommunar og nynorskkommunar må vidare:
> Bruke nynorsk i kommuneplanar, sakspapir, annonsar og utoverretta informasjon på nettsider og i brosjyrar.
> Leggje til rette for god målbruk hjå dei tilsette, td. ved å arrangere skrivekurset På sakslista, som LNK har utarbeidd.
> Ta ansvaret som skuleeigar ved å syte for:
- Allsidig og tidleg møte med nynorsk i barnehagen og skulen.
- Språket i skulen og kva læremiddel som blir skaffa.
- Korleis norskopplæringa blir gjennomført.
- Å fremje nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement.

Staten må ta ei aktiv rolle for å sjå til at kommunane tek det lovpålagde ansvaret for å forvalte språklovene og oppfylle innbyggjarane sine språklege rettar.


Fråsegn 4:
Undervisningsmateriell på nynorsk
Norske elevar har etter opplæringslova, § 9.4, rett til å få undervisningsmateriell på hovudmålet sitt. Ein del av det undervisningsmateriellet som blir brukt i den norske skulen, blir utvikla og produsert av ulike lag og organisasjonar. Mykje av dette blir gjeve gratis til skular, og mykje av det er godt. Dei fleste store organisasjonar har også heimesider med mykje god informasjon, laga for skuleelevar på ulike nivå. Etter gjeldande læreplan, Kunnskapsløftet, skal elevane i alle fag søkja informasjon på nettsider og i andre kjelder. Men det aller meste av det materiellet som blir laga av organisasjonane kjem berre på bokmål, trass i at mange av dei får statsstønad for å utvikla informasjonsmateriell for born og unge.
Eit aktuelt døme er UNICEF, SN sin barneorganisasjon, som no inviterer alle grunnskulane i landet til å delta i Det store jubileumsløpet: ”UNICEF-RUNDEN er en lærerik og inkluderende skoleaktivitet hvor alle barns rettigheter settes på dagsordenen. Ved påmelding får dere alt nødvendig materiell helt gratis, inkludert et spennende undervisningsopplegg spesielt tilpasset læreplanen.” Sjølv om dei reklamerer med å setja alle barns rettar på dagsorden, lagar dei berre materiell på bokmål. Også på heimesidene deira er alt stoff på bokmål. UNICEF er ein av mange organisasjonar som får statsstønad for å utvikla informasjonsmateriell for born og unge.
Noregs Mållag krev at organisasjonar som får statsstønad skal laga alt informasjonsmateriell som er tenkt brukt i skulen, på begge målformer. Alternativt kan ein bruka begge målformer i same publikasjon, halvparten nynorsk og halvparten bokmål.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no