Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stipend på 50 000 kroner til Andreas Paleologos

 (15.04.2011)

Noregs Mållag, med støtte frå Kulturdepartementet, har tildelt Andreas Paleologos nynorskstipendet på 50.000 kroner.

Ved tildelinga held Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, denne pristala til Andreas Paleologos:

Desse stipenda skal få nynorsk i bruk på område der han ikkje har så stort spelerom frå før. Kultur er moglegvis ikkje eit slikt område. Sjølv innan barnekultur er me rimeleg godt representerte. Men innan musikkteater er det lite nynorsk. Og innan området ”Svenskar som flyttar til Noreg, legg om talemålet til vestlandsk og tek til å skrive nynorsk og lagar framsyningar for born basert på animasjonsfilm og elektronisk musikk” er det eit svart hol. Ein ørken.

Heilt til no.

Andreas Paleologos er ein multikunstnar. Han er aktiv innan både film og musikk, og gjerne i kombinasjon. Som musikar går han under namnet Cuckoo, og har akkurat kome med debutplata ”Ringalingding”. Dette er eit plate retta mot eit vakse publikum over heile verda.

Men når stipendvinnaren skal syngje for born, då går det i nynorsk. I vinter spelte han på Parkteateret i Oslo med ei framsyning som var ein kombinasjon av visuelle og musikalske uttrykk. Paleologos teikna ein strek som han fekk til å danse på lerretet. Brått vart streken til ein figur. Han laga nokre lydar på synthen som etterkvart vart til ein melodi. Og snart dansa figuren på lerretet i takt med melodien. Alt dette medan Paleologos synte og forklarte ungane korleis alt saman fungerte. ”Eg har så lyst til å danse! Det er det beste eg veit!”, sa han, og snart dansa både han og ungane. Slik vart framsyninga eit samspel mellom artist og publikum, og mellom ulike tekniske verkemiddel.

No har han eit ynske om å utvikle framsyninga ”Det beste eg veit” vidare og kome seg ut på turne. Me har tru på dette prosjektet. Det syner fram nynorsken på ein ny og spanande måte retta mot eit særs viktig publikum. Han blir leiken, levande og moderne.

Det er med stor glede at Noregs Mållag no kan hjelpe til med dette, og vi gjev difor Andreas Paleologos stipendet på 50.000 kroner.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no