Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Støtte til nynorskklasse i Trondheim

 (29.04.2011)

Jørgen Bosoni og Nidaros Mållag har teke initiativ til å få til nynorskklasse i Trondheim. I samband med landsmøtet fekk Jørgen Bosoni fortaldt om prosjektet til målfolk frå heile landet.

– Eg tykkjer mållagslandsmøtet er ein god arena for å diskutere tiltak og utveksle erfaringar, seier Jørgen Bosoni, som saman med over 160 målfolk frå heile landet peika ut strategien for organisasjonen og vedtok nytt arbeidsprogram.

Nynorsk = bynorsk
Jørgen Bosoni er engasjert i parallellklasseprosjektet Nidaros Mållag har sett i gang ved Åsveien skole i Trondheim. Jørgen Bosoni, som sjølv har ei dotter i skulealder, har arbeidd målretta for å finne andre interesserte foreldre.

– Vi sende brev til 451 foreldrepar i bydelen der vi opplyste om kva nynorskklasse er, korleis vi kan få det og kvifor det er bra for ungane. Til å byrje med var det ikkje den heilt store interessa – men så spreidde ordet seg mellom venner og kjenningar, i folk sine nettverk. Vi trur no det er von om å få på plass ein parallellklasse – og dersom interessa held fram med å vekse, kan vi kanskje tilmed få to? spør Bosoni engasjert.

– Kva er poenget med å jobbe for å få nynorskklassar i ein by som Trondheim?
– Vi synst, slik det òg går fram av det nye arbeidsprogrammet til Noregs Mållag, at vi må satse på nynorsk i skulen. Slaget om nynorsken står i skulen – det er avgjerande viktig å sørgje for at nye generasjonar lærer nynorsk som hovudmål.

– Det er ingen grunn til at byungar ikkje skal lære nynorsk. Nynorsk skal dei lære seg likevel – kvifor ikkje som hovudmål? spør Bosoni retorisk, før han legg til at han blir svært glad for å høyre frå interesserte foreldre i Trondheim.


Bilettekst: Jørgen Bonsoni (t.h), leiar i Nidaros Mållag, og Håvard B. Øvregård (t.v), leiar i Noregs Mållag, vil gjere få til nynorsk parallellklasse i Trondheim. (Foto: Hege Lothe)

Eirik W. Svela
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no