Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Longvastipend

 (29.04.2011)

Noregs Mållag opnar no for søknader til Anne Røflo Longva og Alf Andre Longvas Fond. Totalt skal 75 000 kroner delast ut.

Stipendet skal nyttast til å fremja norsk kulturarv, gjerne ved tiltak og påskjønningar til personar eller institusjonar som arbeider med litterære eller historiske emne e.l. og skriv på nynorsk. Til framhjelp av nynorsk litteratur på dei nemnde områda skal det kvart år, om det er grunn til det, delast ut midlar.

For 2011 skal fondet i alt dela ut inntil 75 000 kroner i éin eller fleire summar. Fondsstyret er ope for at innkomne søknader gjeld meir langvarige prosjekt som kan få støtte fleire år på rad. Søknader med grunngjeving og eventuell dokumentasjon skal sendast til:

Noregs Mållag,
Postboks 474 Sentrum,
0105 Oslo
eller på e-post til gro.morken @ nm.no

Søknadsfrist 26. mai.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no