Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stadnamna er ein del av kulturarven

 (03.05.2011)

Stadnamna, slik dei er nedarva ved muntleg bruk gjennom hundreåra, er av dei eldste kulturminna våre. Kulturminne skal takast vare på for framtida. Immaterielle kulturminne, som stadnamn, er særleg utsette for å forsvinne.

Toten dialekt- og mållag vil be norske styresmakter sørgje for at den nåverande stadnamnlova ikkje blir endra på ein slik måte at det går ut over kulturminnevernet. Tilfeldige skrivemåtar frå 16-, 17- og 1800-talet må ikkje leggast til grunn for korleis stadnamna skal skrivast i dag. Vi må skilje mellom skrivemåten på familienamn som er private, og geografiske stadnamn som er felleseige for heile samfunnet. Skrivemåten for gamle stadnamn må bygge på den nedarva uttalen og gjeldande rettskrivingsnorm.

I dag er skrivemåten på stadnamn viktigare enn nokon gong før. I dagens samfunn har skriftbildet større prestisje og større gjennomslag enn nedarva uttale. Stor mobilitet i samfunnet gjer at stadig færre kjenner og bruker stadnamna slik dei har vori overførte muntleg. Dei siste 50-60 åra har uttalen av mange stadnamn vorti endra drastisk fordi uoffisielle skriftlege namneformer med utgangspunkt i skrivemåtar på 16-1800-talet har fortrengt dei opphavlege namna. Dermed står vi i fare for å miste ein del av den eldste kulturarven vår.

Fråsegna vart vedteken samrøystes på årsmøtet i Toten dialekt- og mållag 30. mars 2011.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no