Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kva skal vi med NRK?

 (04.05.2011)

Kringkastingsringen skipar til ope debattmøte om NRK på torsdag 5. mai, klokka 19.00 på Litteraturhuset. NRK har alltid noko for alle, men kvifor spør ingen kva det skal vera?

Dei fleste er samde om at vi treng ein ikkje-kommersiell allmennkringkasting i Noreg, og at eit lisensfinansiert NRK er det som skal gje oss dette. Likevel er det liten offentleg debatt om kva allmennkringkasting skal vera: NRK marknadsfører seg med slagordet "Noe for alle. Alltid", samstundes som dei legg seg nær opp til dei kommersielle kanalane for å tevla om sjåarar.

Bør det vera slik? Kvifor har vi ikkje debatt om kva NRK skal vera, og kva fører dette fråveret av debatt til? Kva krav bør ein lisensfinansiert allmennkringkastar møta?

Hovudinnleiar HÅKON LARSEN disputerte nyleg med PhD-avhandlinga Legitimering av allmennkringkasting i Norge og Sverige. Han snakkar om skilnaden på debatten om allmennkringkasting i Sverige og Noreg, og om skilnadene mellom SVT og NRK, og prøver å svara på kvifor det vert stilt høgare og meir prinsippielle krav til den svenske allmennkringkastaren.

Kringkastingsringen skipar til ope debattmøte om NRK:
Torsdag 5. mai klokka 19 på Litteraturhuset (‘KJELLEREN‘)

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no