Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høgre til angrep på nynorsk som nasjonalspråk

 (09.05.2011)

I helga vedtok landsmøtet i Høgre at dei ikkje vil at elevane i ungdomskulen skal ha obligatorisk sidemålsundervisning. – Veldig alvorleg, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

-Vedtaket stikk i strid med Høgre sitt mål om meir kunnskap i skulen, meiner Håvard B. Øvregård. (Foto: Kjartan Helleve)


– Vedtaket er veldig alvorleg. Dette er eit angrep på nynorsk som nasjonalspråk. No må Erna Solberg og Høgre klargjere korleis vi skal greie å oppretthalde ei jamstelling mellom nynorsk og bokmål med eit slikt vedtak, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Jamstelling mellom språka krev meir enn å lese nynorske dikt. Høgre-tillitsvalde som skryt av nynorsk i dikt, men vil ta det bort som ålment bruksspråk er useriøse som kultur- og språkpolitikarar, seier Håvard. B Øvregård.

Han fryktar for fleire konsekvensar av vedtaket; skal elevar som ikkje valde å lære sidemål i skulen bli utestengt frå å bli lærarar, eller er det slik at nyutdanna lærar som berre har lært bokmål, i praksis få yrkesforbod i klasseromma til dei 81 214 nynorskelevane?

– I dag er det om lag 500 000 nynorskbrukarar i Noreg, 114 nynorskkommunar, tre fylkeskommunar, eitt regionhelseføretak, 367 kyrkjesokn som har nynorsk. Vil det slik at desse ikkje at staten ikkje lenger skal tilby nynorsk informasjon, spør Håvard B. Øvregård. Han er sjølv medlem i Høgre, men meiner at landsmøtet i Høgre ikkje ser kor alvorleg dette vedtaket er for jamstellinga mellom nynorsk og bokmål.

– I tillegg er dette vedtaket stikk i strid med Høgre sitt mål om meir kunnskap i skulen. Kunnskap i sidemål gjer norske elevar betre i hovudmålet, ikkje omvendt. Og kunnskap i to skriftspråk gjer norske elevar betre i stand til å lære framandspråk. Her har det gamle kulturpartiet Høgre gjort knefall for Unge Høgre sitt behov for billeg valkampargumentasjon for skuletrøtte elevar. Dette er pinleg for Høgre som har gått frå kunnskapsparti til kunnskapsløyse, seier Håvard B. Øvregård.

For fleire kommentarar: Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no