Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

5 mytar om sidemål

 (09.05.2011)

Elevane får ikkje meir kunnskap i norsk ved å kutte ut sidemålet. Dei får mindre. Kvaliteten på norskundervisninga vert ikkje betre ved at ein reduserer innhaldet i faget. Sidemålet handlar om å sjå på den norske språksituasjonen som ein ressurs. I Noreg er kunnskap i nynorsk og bokmål viktige delar av allmenndanninga. Å fjerne sidemålet fører til at elevane får mindre kunnskap om ein viktig del av norsk språk og kultur.

5 mytar om sidemålet

Myte 1
Ved å fjerne sidemålet kan elevane konsentrere seg om hovudmålet og unngå lese- og skrivevanskar.

Svar: Det finst inga forsking som kan kople sidemålet til lese- og skrivevanskar: Ei ekspertgruppe frå Europarådet har i staden peikt på den norske fleirspråkssituasjonen som eit gode for allmenn språklæring.

Myte 2
Skal framandspråklege elevar lære norsk skikkeleg, må dei få konsentrere seg om hovudmålet.

Svar: Framandspråklege elevar kan alt i dag få fritak frå sidemålsundervisning dersom det er fagleg grunnlag for det. Forsøk frå Holmlia skole viser at framandspråklege elevar lærer sidemålet like lett som norskspråklege elevar, berre undervisningsopplegget held mål.

Myte 3
Valfritt skriftleg sidemål vil gjere elevane meir motiverte for å lære nynorsk og gje betre faglege resultat.

Svar: Ikkje å lære nynorsk vil ikkje gje betre faglege resultat. Tenk om ein berre skulle lært engelsk munnleg, altså berre ved lesing og lytting. Vill ein lært engelsk betre då? Dårlege resultat i nynorsk sidemål kjem i hovudsak av dårlege haldningar. Åtaka frå Høgre og andre politikarar verkar berre demotiverande. Forsøk på Holmlia skole viser at både dei faglege prestasjonane vert betre og nynorskhatet forsvinn når elevane får bruke nynorsk i andre fag enn norsk.

Myte 4
Vi må kvitte oss med nynorsken for å kunne redde norsken frå engelsk og SMS-språket.

Svar: SMS-språket er verken bra eller dårleg. For å kunne skrive SMS-språk må ein fyrst kunne skrive rett. Det er bra at ungdomen leikar seg med språket – det gjer dei betre som språkbrukarar. Difor er ikkje SMS-språket noko trugsmål mot norsk. Norsken står best rusta mot engelsk gjennom å styrkje norskfaget.

Myte 5
I dagens skule med aukande fridom til å velje fag og studieretningar er det gammaldags å halde på nynorsken som obligatorisk fag.

Svar: Det er gammaldags å sjå vekk frå fagleg kvalitet i skulen. Skulen skal vere ein stad å lære. Tanken om ”valfritt” sidemål reiser eit prinsipielt spørsmål: Skal vi ha nasjonale kunnskapskrav? Skal kunnskap om matematikk og 1814 også vere valfritt?

På denne nettsida til Norsk Målungdom kan du lese kva dei svarer i sidemålsdebatten.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no