Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil Høgre avskaffe språkleg jamstilling?

 (10.05.2011)



Høgre har gått inn for å fjerne obligatorisk sidemålsopplæring i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Med dette vedtaket set dei i gang ein kampanje mot jamstillingsvedtaket frå 1885, då nynorsk vart jamstilt med bokmål. Kampanjen rettar seg mot nynorsken. Det gjekk tydeleg fram av det Bent Høie sa på Dagsrevyen søndag: «Eg stemmer for at nynorsk skal vera valgfritt sidemål».

Mange trur på myten om at elevar blir svakare i hovudmål når dei òg må lære sidemål. Med god og tidleg opplæring er det faktisk motsett. Små ungar har ei ut- ruleg evne til å lære fleire språk samtidig. Dette veit Unge Høgre. Dei fekk Høgre-landsmøtet med på at ein bør begynne med to framandspråk alt frå fyrste klasse. Kvifor ikkje sidemål og eitt framandspråk? Kvifor denne nedvurderinga av eit norsk skriftmål med ein rik skriftleg tradisjon? Dei som ikkje er så direkte som Høie, seier at elevane skal sleppe å lære sidemål. Inneber det at nynorskelevane skal sleppe å lære bokmål? Og kven skal bli lærarar for nynorskelevane i framtida? Folk flytter på seg her i landet. Med Høgres vedtak får lærarar med bokmålsbakgrunn i realiteten yrkesforbod i nynorskstrøka, fordi det ikkje finst system for eller vilje til å gi dei denkompetansen seinare.

Dersom Høgre skulle få gjennomslag forsitt syn i Stortinget, kan partiet i neste omgang hevde at Noreg ikkje kan tilby nynorsk som hovudmål, fordi lærarar utan tilstrekkeleg nynorskkompetanse blir diskriminerte. Høgres landsmøtevedtak er med andre ord eit alvorleg trugsmål mot 125 års jamstilling mellom nynorsk og bokmål her i landet. Er det det som er Høgres agenda? Endre gjennom kunnskap. Di mindre kunnskap ein har om nynorsk, di lettare er det å ha negative haldningar til nynorsk. Haldningar kan vi endre berre gjennom kunnskap.

Noregs Mållag meiner derfor det er viktig å styrkje norskopplæringa på alle plan – i grunnskule, vidaregåande skule og ikkje minst i høgskule- og universitetsutdanninga.

Aud Søyland, nestleiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no