Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jaktar på engasjert ungdom

 (11.05.2011)

Den nynorske nettavisa Framtida.no har to reisande journalistar. No vil dei tips om aktuelle ungdomssaker.

Andrea Øien Sæverud (t.v.) frå Hareid på Sunnmøre og Marit Lajord frå Vang i Valdres skal ut på journalistisk turne i Noreg. (Foto: Framtida.no)

Andrea Øien Sæverud (25) frå Hareid på Sunnmøre og Marit Lajord (20) frå Vang i Valdres som reisande journalistar i Framtida.no.
– Dei reisande journalistane skal gje oss meir journalistikk frå heile landet på Framtida.no. Me ønskjer å visa fram og styrkja engasjementet til unge – og la saker unge er opptekne av setja dagsorden. Eit valår som 2011 vil gjera dette særleg aktuelt, seier Svein Olav B. Langåker, prosjektleiar for Framtida.no.
Framtida.no har fått 200.000 kroner til prosjektet frå Vinjefondet.
– Å invitera til debatt og halda vedlike kontakten med brukarane våre vil òg vera blant arbeidsoppgåvene til journalistane. Dette gjeld både innan sosiale media, på Framtida.no, Framtida.origo.no og i møte med ungdommar Noreg rundt, understrekar han.

Treng tips
Andrea Øien Sæverud byrjar på Sunnmøre, medan Marit Lajord byrjar i Gudbrandsdalen og i Telemark.
– Det er veldig kjekt om me kan få tips til gode saker, seier dei.
Gode tips kan vera alt frå nystarta ungdomsparti, eit spanande arrangement eller morosame fritidsaktivitetar – til dei sakene der ungdom vil bli høyrt – anten det er busstilbodet eller ungdomsrådet som ikkje eksisterer.

Vil vera lokomotiv på nett
Nyhende- og debattavisa for unge starta 1. september i 2010. Sidan starten har 89.000 unike brukar vore innom. Satsinga er eit samarbeid mellom ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Landslaget for lokalaviser (LLA), demokrati for unge-prosjektet ”Mot til å meina”, nettidsskriftet Magasinett og kulturavisa Pirion. Avisa får støtte frå Kulturdepartementet.
15 aviser og tidsskrift leverer i dag stoff til Framtida.no. I tillegg produserer Framtida.no eigne saker og 20 unge kommentatorar bidreg med faste meiningsytringar.
– Me ønskjer å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett, og arbeider difor med å knyta til oss endå fleire partnarar, opplyser Langåker.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no