Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

126 år!

 (12.05.2011)

Den 12. mai er det 1885 år sidan Stortinget gjorde vedtak om å jamstelle landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog». 126 år etter er det 81 214 nynorskelevar i skulen.

Det var eit dristig vedtak i 1885. Svært få hadde teke i bruk det nye skriftspråket nynorsk. 126 år etter har over ein halv million nynorsk som fyrstespråk, noko som gjer nynorsk til eit stort og veletablert språk i global samanheng.

– Å vekse opp med fleire skriftspråk rundt seg er ein styrke for så vel individ som samfunn. Difor er det viktig at jamstellingsvedtaket vert følgt og at nynorsken har den plassen i samfunnet som han fortener, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

- Det er synd at landsmøtet i Høgre ikkje ser kor alvorleg vedtaket deira om valfri sidemålsopplæring er for jamstellinga mellom nynorsk og bokmål. Det syner at kampen for språket er like levande. Men hovudsaka i dag er at jamstellingsvedtaket har gjort Noreg til eit rikare samfunn. Dette er vel verdt å feire, seier Håvard B. Øvregård.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no