Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fosse til Grotten

 (16.05.2011)

Regjeringa har gitt Jon Fosse nøkkelen til Grotten, Noregs æresbustad for kunstnarar.

– Eg må innrømme at eg vegra meg veldig for å seie ja. Men no har eg sagt ja, og her er eg, sa Jon Fosse i fylgje Aftenposten.no.

Det Norske Samlaget er godt nøgd med heideren ein av forfattarane no får.
-I Samlaget er vi glade og stolte over den æra han blir vist med denne tildelinga, seier konstituert forlagsdirektør i Samlaget, Tom Skovdahl.
- Sidan Fosses debut i 1983 har Samlaget fått følgje ein produktiv forfattarskap i stor utvikling og utbreiing. Vi har sett ein forfattar, som etter å ha etablert seg solid som romanforfattar, poet og barnebokforfattar, har gjort dramatikar av seg og opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke i samtidslitteraturen, seier Skovdahl.

Då Fosse fekk Ibsenprisen 2010, sa Jon Fosse dette om kva nynorsken tyder for diktinga hans.
-Min forfattarskap er sjølvsagt uløyseleg knytt til nynorsken. Og eg trur, og veit, at nynorsken som språk påverkar, og er med på å bestemma, diktinga mi.

Pressemelding/Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no