Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nyoppdaga bok frå Knut Hauge

 (20.05.2011)

Den 31. mai ville Knut Hauge ha fylt 100 år. I det høvet gjev Kvitvella Forlag ut boka ”Lasse frå Lærdal”, basert på eit nyoppdaga manus som tidlegare ikkje er gjeve ut som bok.

Hauge skreiv boka i 1978. Sjølv karakteriserte han boka som ein eventyrroman for barn i alle aldrar. Boka handlar om bussjåføren Lasse frå Lærdal, han som skjøna fuglefløyt og dyreskrik og var ven med alle som går på fire, og med dei som flyg i lufta.

I tillegg til eventyret om Lasse og dei ulike dyra gir boka oss ein interessant tidskoloritt frå 60- og 70-talet.

Knut Hauge var frå Lomen i Vestre Slidre i Valdres. Saman med Olav Duun, Tarjei Vesaas, Alfred Hauge og Johannes Heggeland representerer han – ifølgje Ottar Grepstad – eit av dei fem store prosaforfattarskapa i den nynorske bokheimen i det 20. hundreåret. Hauge gav ut rundt 30 bøker. Mest kjend er han for åttebandsserien ”Sagaen om Ulfsætta”, som kom ut i perioden 1965-1980. I 1977 kom boka ”Ein roman om kjærleiken og om døden”, utgjeven gjennom Bokklubben i eit samla opplag på 120.000.

Knut Hauge har frå før gjeve ut berre ei barnebok, ”Pekke, elva og eventyret”(1962) . Forfattaren Olav Gullik Bø har i samband med 100-årsjubileet skrive eit skodespel basert på denne boka. Skodespelet, som også er gjeve ut av Kvitvella Forlag, har tittelen ”Pekka”.

Kvitvella forlag er forlaget til Nord-Aurdal Mållag. Familien etter Knut Hauge har velvillig sagt frå seg royalty frå salet og overskotet vil bli fordelt mellom Vestre Slidre Mållag, Valdres Mållag og nynorskprosjektet Målstreken. Boka blir marknadsført gjennom ulike salskanalar og gjennom nettsida www.nm.no/lag/nord-aurdal.


Framsida til boka "Lasse frå Lærdal", teikna av Ola B. Klåpbakken.

Bilettekst: Margunn Søyand Nesbakken er barnebarnet til den namgjetne bokhandlargründeren Ola Perstølen på Ål i Hallingdal og har difor kjøpmannsblod i årene. Her prøver ho seg med salstriks i bokhandelen på Fagernes for å få selt inn den nyoppdaga barneboka etter Knut Hauge, «Lasse frå Lærdal».


Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no