Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

I juni blir det kjærleiksfestspel

 (25.05.2011)

Den 23. juni vert Dei nynorske festspela opna i Ivar Aasen-tunet. På opningshøgtida skal mellom anna bloggaren Linda Sæbø få utmerkinga Årets nynorskbrukar.

Ho får prisen for utviklinga av bloggen Den gode feen til ein viktig stad på Internett, og for innsatsen med å gjere det like sjølvsagt å skrive interiørstoff på nynorsk som det er å skrive om kunst, historie og politikk, seier styret i Nynorsk kultursentrum i si grunngiving for tildelinga. Prisen er på 50 000 kr og blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 23. juni.

– Eg er ubeskriveleg glad, sa prisvinnaren til www.aasentunet.no då det var klart at ho skulle få prisen.

Kulturpolitikk
– Det har vore sjølvsagt for meg å skrive nynorsk, og det har eg ønskt å gjere på min måte, seier Linda Sæbø. Kvar dag er 3000–5000 lesarar innom bloggen hennar. Sæbø er frå Halsnøy i Sunnhordland og bur i Stavanger der ho arbeider som geolog i Statoil. Ho er cand.scient. frå Universitetet i Bergen i 1998.

– Dette er ein kulturpolitisk pris, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
– Interiør og familieliv har vore eitt av dei sterkaste domena for bokmål, og språkpresset i Stavanger-regionen er formidabelt. Då kjem kvar einaste nynorskbrukar på Internett godt med.

Kjærleik i fire dagar
Og det vert meir moro på festspela. Kari Bremnes kjem, Gunnhild Sundli og Sigrid Moldestad for å nemne nokon. Bjørn Sortland er festspeldikar. Han har skrive mange barne- og ungdomsbøker som har fått bokprisar, og han har skrive fortvilande godt om vaksen kjærleik. Les meir og mykje om programmet for Dei nynorske festspela.

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no