Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målungdommen jublar for Paradise Hotel-språket

 (26.05.2011)

- Deltakarane i reality-programmet Paradise Hotel blir ofte skulda for å vere dårlege språklege føredøme. Eg meiner tvert imot at det dialektmangfaldet som deltakarane representerer er positivt, seier leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård.

Nygård rosar TV3 for å ha utført ein glimrande castingprossess som har resultert i at dialektar frå Nordland til Agder får boltre seg på TV-skjermen fire dagar i veka - i beste sendetid.

- Sjølv om dialektbruk er meir akseptert i dag enn for nokre tiår sidan, er det framleis mange unge som legg om dialekten når dei reiser til større byar. Å høyre sin eigen dialekt på TV kan vere med å heve statusen til dialekten og gjere det enklare å holde på han, seier Nygård. Ho vil spesielt trekkje fram som positivt at Paradise Hotel syner fram dialektar som vanlegvis ikkje når TV-skjermen.
- Det er forfriskande å høyre dialekt frå Råde i Østfold og Mo i Rana bli snakka med den største sjølvfølgje og sjølvkjensle, seier Nygård.

Deltakarane har blitt skulda for å vise språkleg forfall ved å bruke ord og uttrykk «feil». Nygård synest ikkje noko om at nokon stemplar språkbruken som feil, i og med at vi ikkje har normert tale i Noreg og at ord og uttrykk har ulike bruksmåtar.
- På Paradise Hotel får ein høyre eit rått og utilsløra språk, snakka slik ungdommen snakkar i dag, og det skal TV3 ha ros for å løfte fram, avsluttar Nygård.


For meir informasjon:
Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom
Telefon: 916 16 637

Bror-Magnus Sviland Strand, nestleiar i norsk Målungdom
Telefon: 924 39 717

Foto: Odin Hørte Omdal

Pressemelding / Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no