Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Strid om nynorskkunnskap i Høgre

 (31.05.2011)

– Det kan ikkje bli for mykje språk i skulen, seier Arne Hjeltnes, sentralstyremedlem i Høgre. På landsmøtet i Høgre i mai talte han engasjert for å halde på obligatorisk sidemål i ungdomsskulen.

Han er på besøk med Gloppen Høgre, der han også møter Olin Johanne Henden som er 2. kandidat til fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane i september. Begge to var utsendingar på landsmøtet i mai. Der handsama utsendingane ein såkalla storresolusjon om skule. I denne resolusjonen vart det gjort framlegg om også å gjere undervisninga i sidemål i ungdomskulen valfri. Frå før har Høgre programvedtak på at dei ynskjer å fjerne den obligatoriske sidemålsundervisinga i vidaregåande skule.

Overraska
– Denne striden i Høgre går igjen i mange parti. Det er ei motsetning langs ein sentrum-periferi-akse og langs ein kulturakse, seier Arne Hjeltnes.
– Var du overraska over vedtaket som kom på landsmøtet?
– Eg vil seie det slik: Eg vart overraska over kor mange som var på mi side. Røystetalet var 164 – 87 røyster, og det vil seie om lag 30 % var samde med oss. Det gjev håp. Det er langt fleire enn dei som har nynorsk som hovudmål, seier Arne Hjeltnes.

– Vi vart veldig skuffa over vedtaket, seier Olin Johanne Henden, som representerte Sogn og Fjordane Høgre på landsmøtet. Dei fortel at sjølve saka kom bardus på. Vedtaket var ikkje resultat av ein lang prosess i partiet. Resolusjonen vart lagt fram laurdag, og sundag skulle saka avgjerast. Truleg vil spørsmålet om valfritt eller obligatorisk sidemål verte eit emne ved handsaminga av stortingsvalprogrammet om to år.

Ikkje gjennomtenkt
Både Arne Hjeltnes og Olin Johanne Henden meiner at dette vedtaket ikkje er godt nok gjennomtenkt.
– Dette vedtaket er heilt klart ei lettvint løysing. Eg meiner det kan få parodiske konsekvensar. Og eg trur ikkje det er fullt så lett å setje det ut i livet som tilhengjarane vil ha det til, seier Arne Hjeltnes.
– Ei anna side ved vedtaket er at nynorskelevar skal kunne velje vekk bokmål. Skal ein då kunne bruke nynorsk i alle samanhengar, også på redaksjonell plass i VG og Dagbladet?, spør Olin Johanne Henden.

Kunnskapsparti
– Det er viktig for meg å seie at Høgre er eit kunnskapsparti. Resolusjonen heiter jo også ”Kunnskap i skolen”, og då vert det feil at vi skal gå imot at elevane skal få meir kunnskap. Vi seier i same resolusjon at vi vil at elevane skal lære eit andre framandspråk i grunnskulen, og dersom vi meiner at dei greier det, så må vi også tru at dei kan lære nynorsk, seier Olin Johanne Henden.

– Eg likar heller ikkje prinsippet med å ta vekk kunnskap. Sjølv om eg ser at det kan vere vanskeleg for elevane å lære nynorsk, dersom dei trur dei ikkje vil få bruk for det, seier Arne Hjeltnes.

Spennande undervisning
Mange elevar tykkjer det er kjedeleg å lære nynorsk. Og begge to er opptekne av at det er viktig at faget vert noko anna enn pugging og grammatikk. Det er viktig med fornyingsarbeid i skulen.
– Eg reiser mykje rundt på skulane, og eg møter mange lærarar og elevar som tykkjer nynorsk er vanskeleg å arbeide med. Men eg meiner det er mykje som kan gjerast med faget for å få det meir humørfylt. Og det er mange flinke nynorske forfattarar som skulle vorte endå meir brukte, smiler Arne Hjeltnes, som legg til at det er viktig at elevane møter nynorsk tidleg.

– Det er viktig at elevane byrjar med nynorsk endå tidlegare i skulen. Tidleg start gjer det lettare å lære eit anna språk, seier Arne Hjeltnes.
– I fjor sommar var eg i ein landsby i Zambia. I den landsbyen hadde dei sju språk. Når dei greier det, då bør vi greie å handtere nynorsk og bokmål her i landet, legg Olin Johanne Henden til.

Biletetekst: – Det er viktig at elevane byrjar med nynorsk endå tidlegare i skulen. Tidleg start gjer det lettare å lære eit anna språk, seier Arne Hjeltnes, sentralstyremedlem i Høgre og Olin Johanne Henden, 2. kandidat til fylkestinget for Sogn og Fjordane Høgre. (Foto: Jan Nik Hansen)

Artikkelen står på trykk i Norsk Tidend 3 / 2011.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no