Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MARS 2020 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Troll i ord

 (31.05.2011)

Språkstimulering med eventyr. Troll i ord er ei aktivitetspakke som styrkjer barna sine språkferdigheiter både på nynorsk og fleire minoritetsspråk.

I Troll i ord vert det lagt vekt på å skape ulike språkbrukssituasjonar for å formidle og snakke om innhaldet i eventyret. Erfaringane er at både einspråklege og fleirspråklege barn har stort utbytte av slike aktivitetar.

Troll i ord byggjer på prinsippa i prosjektet "Lær meg norsk før skolestart!" (Sandvik og Spurkland 2009). I dette prosjektet er arbeidsmåtane utvida til å omfatte aktivitetar med kort, spel og digitale element. Felles for prosjekta er trua på eventyr, forteljingar og litteratur for barn, og på at barna sitt morsmål er ein ressurs å byggje vidare på og å utvikle.

Troll i ord-pakken innheld:
> Lærarrettleiing
> Lydfiler med eventyr
> Eventyrhefter
> Fortellekort
> Ordkort / biletkort / biletlotto
> Puslespel
> Problemløysingskort
> Element for interaktive tavler
> Nettbaserte spel

Troll i ord kan tingast via nettsida www.trolliord.net eller e-post: info@trolliord.no eller telefon 410 31 924.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no